UTFORDRAR: Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, utfordrar det lokale næringslivet til å ta meir eigarskap i næringsutviklinga i kommunen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
UTFORDRAR: Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, utfordrar det lokale næringslivet til å ta meir eigarskap i næringsutviklinga i kommunen. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Arkiv)

Etterlyser motorar som kan driva fram utvikling i Lærdal

– Me treng at fleire set seg i førarsetet; på sikt er me heilt avhengige av at skaparkraften ligg i næringslivet sjølv, seier Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling.

Lærdal: – Omstillingsmidlane gir moglegheiter til å utvikla idéar som skapar arbeidsplassar eller annan aktivitet. Ønskjet vårt er at desse midlane i størst mogleg grad blir brukt til prosjekt initiert av lokalsamfunnet. Det handlar om at slike prosjekt har størst effekt når eigarskapen er der prosjektet skal leva og verka, seier Tokvam.

Poenget er altså at det så langt har vore slik at LNU og omstillingsstyret sjølve har starta mange av prosjekta: – Omstillingsprogrammet har i for stor grad vore eigar og måtte driva fram prosjekt. Så det me eigentleg etterlyser er fleire motorar i utviklingsprogrammet.

– Kven si skuld er det at det ikkje har kome fram fleire motorar til no?

– At me ikkje har vore flinke nok til å finna eller stimulera dei kan vera ei forklaring. Det kan og vera ei forklaring at me rett og slett ikkje har nok drivarar eller motorar i lokalsamfunnet vårt. På sikt er me heilt avhengige av at skaparkrafta ligg i næringslivet sjølv. 

– Med det meiner eg ikkje at LNU og kommunen er utan ansvar; me har stort ansvar, men det går først og fremst på å leggja til rette. Utan drivkraft hjå aktørane er det lite me kan gjera.

Les også: Skal ha 140 fleire arbeidsplassar i kommunen til 2020

– Bransjane sjølve må visa interesse, elles er det håplaust

Spesielt meiner Tokvam det ligg eit potensiale innanfor lokalmat og reiseliv

– Me har nokre gode motorar, som Lærdal Grønt. Men me kan ikkje dra fram dei heile tida. Me har også nokre gode inititiv innan bustadsatsing. Men for å ta eit eksempel; når det gjeld bruk av lokalmat så er det få av serveringsverksemdene som tilbyr det; utvalet her er dårleg i Lærdal. For å få betring må ein eller fleire i bransjen syna interesse, elles er det håplaust. Så ropar me ofte på reiselivet, men det er nok eit potensiale her også.

– Me har Aurland berre ein litt lang tunnel unna; der har dei fått til svært mykje på nettopp turisme og lokalmat. Kvifor får ein det då ikkje til her på denne sida av tunnelen?

– Eg trur det handlar mykje om kultur og om å ha nokre einskildpersonar eller aktørar som står fram. Også om ein ser til det dei har fått til i Sogndal, så har ein der hatt nokre eldsjeler som har gått i front heile vegen.

– Kva kan de konkret bidra med om nokon sit på ein god idè? 

– Om noko sit med ein kongstanke om korleis noko vil bli – og er viljug til å gå inn med tid og kapital – kan me hjelpa til. Det går på det kompetansenettverket me har, men sjølvsagt også økonomisk hjelp. 

– Tenkjer me nok gjennom korleis me møter firma som vil etablera seg i Lærdal?

Og ettersom omstillingsperioden er over ved utgangen av 2018, bør ein ikkje sitja og ruga for lenge på idèen.

– Kommunen vil ha økonomiske musklar til å driva fram næringsutvikling etter 2018 også, men omstillingsmidlane gir ein ekstra god moglegheit

Tokvam meiner også det kanskje bør litt ny tenking til i høve korleis midlane blir fordelte

– At alle som søkjer skal få litt trur eg ein bør revurder og i større grad plukka ut dei gode prosjekta så ein brukar pengar der det er eit stort potensiale, der det er reell satsingsvilje. 

Han har også eit lite hjartesukk:

– Erfaringane med Ecoinowaste er at dei har møtt ein del motbør i lokalsamfunnet og lokalpressa. Tenkjer me nok gjennom korleis me møter firma som vil etablera seg i Lærdal? Korleis slike tankar blir møtt; kan det få noko å seia for andre som vil etablera seg i bygda?

Halvanna år er altså att av omstillingsperioden, og Tokvam ser ikkje vekk frå at det kan koma firma utanbygds frå og etablera seg

– Me må kanskje gå utanfor Lærdal og finna firma som vil etablera seg her; det er litt fallitterklæring, men eg ønskjer andre velkomne, også om det skulle vera konkurrentar av eksisterande verksemder i bygda – så utfordrar me det lokale næringslivet litt.

Til toppen