Samspel:  Det utviklar seg eit spesielt samspel mellom førar og hund i ein ekvipasje. Privat foto
Samspel: Det utviklar seg eit spesielt samspel mellom førar og hund i ein ekvipasje. Privat foto

Ettersøkslaget etterlyser ekvipasjar

Treng fleire som kan finna att skadd vilt.

Sogndal: – Me søkjer eigentleg både godkjende ekvipasjar og folk med hundar som kunne tenkja seg å bli godkjende, seier Sjur Dale, leiar i ettersøkslaget for Sogndal og Leikanger.

Jegerane må ha ettersøksavtale

Når det blir påkøyrd hjort eller anna vilt og når jegerar er uheldige og skyt på hjort som ikkje blir funne med det same, er ettersøkshundar med førarar eit musst. Alle hjortejegerar må ha avtale med godkjend ekvipasje og no treng ettersøkslaget i Sogndal og Leikanger fleire.

– Me har vore sju, og det held for så vidt. Men mange har vore med veldig lenge og har ikkje tid til å halda fram med dette av ulike årsaker, så me treng fleire. Dei færraste jegerar har avtale med eigne hundar, så difor tilbyr me ettersøksavtalar. Har me ikkje nok ekvipasjar blir det eit problem for jegerane, forklarar Dale.

– Blir godt brukte

Også når bilistar køyrer på hjort er det ettersøkslaget som må i elden. Samspelet som utviklar seg mellom hund og førar i opptreningsarbeidet og etter kvart når dei skal i aksjon skildrar førarar gjerne som noko heilt spesielt, så no håpar Dale han blir kontakta av interessentar. 

– Statistikk syner at det er ettersøk i samband med åtte prosent av alle fellingar. Det er der me ligg her i Sogndal og Leikanger, så det skulle bety at me blir godt brukte. Og slik skal det vera; sjølv om ein jeger meir eller mindre er sikker på at han eller ho har bomma heilt, skal me kontaktast. Og me føler det er slik også.

Til toppen