Sogndal: – Eg trur kanskje Sogn og Fjordane er den staden i verda med flest forskarar per hovud. Då eg budde i Oslo, hadde eg ikkje trudd at det fanst noko sånt midt i landet. Det akademiske miljøet er veldig motiverande, med gode forskings- og utviklingsmiljø og høgskule i både Sogndal og Førde, seier Nordeng.
I fjor flytta ho til Sogndal då ho fekk jobb som forskar og EU-rådgjevar i Vestlandsforsking. Etter å ha budd i storbyar heile livet er dette ei stor forandring, men Nordeng trivast godt.
– Her bur me midt i naturen, med frisk luft og reint vatn rundt oss, seier ho.

Skal skaffe EU-midlar til Sogn og Fjordane
I tillegg til å forske innan helseøkonomi, skal ho følgje med på kva som skjer i EU-systemet og bidra til at lokale og regionale forskings- og utviklingsprosjekt kan få EU-støtte. Dette vart mogleg etter at Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet fekk i stand ein utviklingsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016.
– Fylkeskommunen er ein pådrivar for regional utvikling og bidreg med desse midlane til å byggje viktig kapasitet i forskingsmiljøa i fylket, seier direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking.
Ho legg til at deltaking i EU-forskinga kan gi krevjande administrasjonsoppgåver, og det krev solide miljø med rett kunnskap. Utviklingsavtalen står for viktig delfinansiering av oppgåvene til Zuzana Nordeng, der kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling er viktige verkemiddel.
– Målet er at FoU-miljøa styrker evna si til å delta i EU-prosjekt, og at ein får til ei auke i talet på deltaking i internasjonale FoU-prosjekt som er relevante for regionen.
Leiar nytt EU-nettverk i fylket
Nordeng er òg blitt prosjektleiar for det nystifta EU-nettverket i Sogn og Fjordane. Nettverket skal mobilisere til deltaking i EU-programmet Horisont 2020, verdas største forskingsprogram. Målet er at lokale krefter gjennom deltaking i nettverket skal få hjelp til å utvikle gode EU-prosjekt.
EU-nettverk Sogn og Fjordane skal jobbe spesielt med prosjekt innan områda klima, energi, miljø og IT.
– Gjennom Horisont 2020 kan fylket få høve til å løyse lokale problem med EU-støtte og internasjonale partnarar. Dei problema som finst lokalt, finst også i resten av verda. Så om ein byrjar her, kan ein etter kvart påverke heile kloden, seier Nordeng.

Fann draumejobben på bygda
EU-rådgjevaren er oppvaksen i Bratislava i Slovakia, men EU-diplomatiet tok ho med til Kairo. Då ho vart gravid, valde å flytte med barnefaren til Oslo i 2013.
– Eg ville heller få barn i Norge enn i Egypt, forklarar ho.
I Oslo tok ho ein mastergrad i helseøkonomi og fekk to born. Etter barn nummer to ville ho ut att i jobb, men innsåg at det ville bli vanskeleg å kombinere familielivet med diplomatliv i EU-systemet. Ho begynte å sjå etter andre relevante jobbar, og fann snart ut at det ikkje var så enkelt å finne noko i Oslo. Då utvida ho søkeradius til resten av landet og fann ei ledig stilling som EU-rådgjevar i Sogndal.
– Eg var ikkje så kjent med resten av landet og fann ut at dette var eit godt høve til å utforske kva slags liv ein kan få i distrikta, seier ho.
I Sogndal trivast ho godt med likesinna som er glad i friluftsliv.
– Dessutan har me flyplass, så ein kan reise bort når ein vil, smiler ho.