GRATIS WIFI: Idrettshallane på Årdalstangen og i Øvre Årdal er blant stadane kor det er planlagt å ha gratis wifi.
GRATIS WIFI: Idrettshallane på Årdalstangen og i Øvre Årdal er blant stadane kor det er planlagt å ha gratis wifi. (Foto: Arkiv)

EU gjev midlar til gratis wifi i Årdal

Før turistsesongen startar vil det vera mogleg surfa gratis på fleire sentrale stadar i Årdal kommune.

Årdal: – Årdal kommune har fått 15.000 euro i EU-midlar til å leggja ut gratis WiFi, seier Jorunn Nilsen i Årdal utvikling.

Planen er at det trådlause internettet skal kunna nyttast på torget og idrettshallen på Årdalstangen, torget og idrettshallen i Øvre Årdal og på Hjelle frå sommaren.

– Dette skal vera klart til turistsesongen, seier Nilsen.

Midlane blir tildel via prosjektet WiFi4EU.

Førstemann til mølla

EU investerer 120 millioner euro på wifi fram til 2020. Målet er å finansiera utbygging av wifi-sonar i minst 6000–8000 kommunar i Europa.

– Årdal var blant kommunane som fekk midlar ved fyrste tildelingen. Det var ikkje så mange kommunar som fekk. Tildeling skjedde med fyrstemann til mølla-prinsippet, seier Nilsen.

Ho fortel at dei 7. november 2018 måtte sitja klar for å trykka på søknadsknappen.

– Så krasja systemet, og ein måtte fylla ut søknadsskjemaet på ny, fortel Nilsen.

Noreg var det av dei nordiske landa som i fyrste omgang fekk mest midlar, kor heile 34 kommunar fekk støtte. Balestrand, Gloppen og Førde var også blant desse.

Til toppen