HJELP: EU ser med stor uro på korleis skrantesjuke no har byrja å spreie seg i Noreg. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fekk løfter om hjelp då han vitja Brussel.​ Foto: Knut Fredrik Øi. 
HJELP: EU ser med stor uro på korleis skrantesjuke no har byrja å spreie seg i Noreg. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fekk løfter om hjelp då han vitja Brussel.​ Foto: Knut Fredrik Øi. 

EU vil hjelpe Norge i kampen mot skrantesjuke

EU ser med stor uro på korleis skrantesjuke no har byrja å spreie seg i Noreg. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fekk løfter om hjelp då han vitja Brussel.

Nordfjella: – Vi er veldig uroa for dette, og vi er samde om å samarbeide tett, seier EUs matkommissær Vytenis Andriukaitis etter samtaler med landbruksministeren tysdag ettermiddag.

Så langt er det påvist fem tilfelle av skrantesjuke i Noreg, tre på villrein og to på elg. Det er første gong sjukdommen er påvist her til lands.

Dale orienterte Andriukaitis om situasjonen og fortalde at Noreg no er i gang med ei nasjonal kartlegging der 15.000 dyr skal testast.

– Det er ei omfattande kartlegging, og det er mange år sidan noko liknande er gjort i Europa. Vi er fast bestemt på å halde situasjonen under kontroll, seier Dale.

Eitt av problema er at dyr kan trekke over landegrensene, og EU vil derfor leggje til rette for samarbeid mellom Finland, Sverige og Noreg, lover Andriukaitis.

– Ville dyr respekterer ikkje grenser og passkontrollar, påpeiker han.

Skrantesjuke, også kjent som Chronic Wasting Disease (CWD), er ein prionsykdom som rammer hjortedyr. Liknande sjukdommar er skrapesjuke hos sau og kugalskap hos storfe.

Sjukdommen er dødeleg for dyr. Han har hittil vore mest utbreidd i Nord-Amerika og Asia. (©NPK)

Til toppen