Espen er stolt av å vera norsk under Eurovision.
Espen er stolt av å vera norsk under Eurovision. (Foto: Privat)

Eurovision-fan Espen (35) frå Luster er på plass i Lisboa: - Som liten såg eg VHS-opptak frå finalen om att og om att

Då han var liten stod han og song «la det swinge la det lokken låll» for full hals i ungdomshuset på Indre Hafslo. Sidan har interessa for Melodi Grand Prix berre gått oppover.

Luster: – Eg veit ikkje om eg eigentleg hugsar Bobbysocks sin siger, eg føler det i alle fall sjølv. Men mitt fyrste inntrykk av Eurovision er Celine Dion med verdas styggaste kjole, og då Carola vann i 1991 blei eg fortapt og forelska i songkonkurransen, seier Espen Ingar Harberg Skjæret.

Han er utflytta lustring som har budd i Oslo dei siste åra. Der har han møtt fleire han kan dele interessa for MGP og Eurovision saman med. No er han på plass i Lisboa med to vener før den store finalen i kveld.  

– Me er ein stor lukkeleg familie som reiser rundt i Europa og følger sirkuset Eurovision er. Her i Lisboa er det ein skokk med nordmenn eg er blitt kjent med gjennom interessa for Eurovision.

Analyserer alle bidraga så snart dei er ute

Det ligg mykje arbeid i å vera dedikert fan av MGP og Eurovision.

– Eg høyrer gjennom alle bidrag så fort dei kjem ut både i Noreg og utlandet. Då analyserar eg kvar låt, vurderer vinnarsjansane og diskuterer med andre på Internett. Før finalen planlegg me antrekk og kostyme, seier Skjæret. 

Espen (til høgre) er på plass i Lisboa saman med venene Veronica og Herman. Foto: Privat

Så fort billettane til finalen blir lagt ut er han og venene klare for fest.

– Me planlegg turen fleire månader i førevegen og reiser til landet som finalen er i, nokre dagar før. Semifinale og finale får me alltid med oss, og gjennom heile opphaldet går me i ei rosa grand prix-boble. 

Såg MGP om att og om att på VHS-kasettar

Og ikkje ein einaste gong sidan 80-talet har han gått glipp av ein finale i Oslo.

– Eg har sett MGP i Oslo 12 gonger live, men eg har sett alt på TV frå eg var liten. Eg hadde VHS-kassettar med opptak av MGP som eg såg om att og om att. Det som heile tida har fenga meg er heile pakken MGP er fargane, kjærleiken, kostymene og at alle landa møtest til felles feiring av musikk og glede, seier han. 

Med så mange års erfaring er han ikkje i tvil om kva som er hans beste minner.

– Favorittvinnaren min i Noreg er Kate Gulbrandsen med «mitt liv». Internasjonalt er det Carola i 1991. Eg elskar ho. Då eg møtte ho for fyrste gong byrja eg å grine. Kleint, men all manndom forsvann den gongen, fortel han.

Trur sigeren står mellom Noreg og Kypros

Finalen i Lisboa blir Skjæret sin 7. internasjonale finale og han er ganske klar på kven som går til topps.

– I kveld trur eg sigeren står mellom Noreg og Kypros. Noreg har ikkje den beste låta, men pakka til Rybak er så fenomenal. Sjarmen og flørteblikket hans kjem tvers gjennom TVen og slår dei som ser på, rett i ansiktet. Han er proff til fingerspissane og hevar ei gjennomsnittleg låt til topps. For me må vera ærlege: Eurovision er meir enn berre låta. Eurovision er show i høg klasse, seier han. 

Til toppen