Førde: Saman med ektemannen Thomas Stenersen utgjer Eva Weel Skram frå Sogndal duoen Eva & The Heartmaker.
Dei to spelte nyleg på Målrock i Årdal, der dei spelte før det kjende danske bandet Dizzy Mizz Lizzy.
Festivalpublikum er bytt ut med pasientar og tilsette ved Førde sentralsjukehus komande torsdag når det blir sommarfest.
– Når me først hentar ein så populær popduo hit, synest me det er heilt naturleg at også pasientane våre får høve til å oppleve dei, seier HR-direktør Arne Skjelten.
Dette er andre gongen Helse Førde lagar til gratiskonsert. For to år sidan spelte ein annan kjend artist frå fylket, Sigrid Moldestad.