SISTE ARTIST: Eva Weel Skram er siste artist ut til Jordeplerock 2020.
SISTE ARTIST: Eva Weel Skram er siste artist ut til Jordeplerock 2020. (Foto: Julie Marie Naglestad/Pressefoto)

Eva Weel Skram er siste artist til Jordeplerock

Det er frå tidlegare kjent at DDE, Odd Nordstoga, Vidar Villa, Ruben og Trang Fødsel vert å sjå på Jordeplerock 2020. No er fesivalleiinga ute med siste artist som skal opptre på fesivalen i slutten av juni.

Lærdal: – Det er sjølvsagt stor stas for oss å kunngjera at Eva Weel Skram kjem til Jordeplerock 2020. Ikkje berre er ho sogning, ho er også ein av landets aller beste artistar. At Eva Weel Skram vert slept som siste artist til årets festival er ikkje tilfeldig, for det er noko med å spare det beste til slutt, seier Helge Evensen Bjørkum, informasjonsansvarleg i Jordeplerock.

Jordeplerock skriv i ei pressemelding at artisten har treft ei nerve hjå det norske folk, og verkeleg har etablert seg som ein av landets aller mest folkekjære artistar. Albumet «Finne heim», er hennar første utgjeving med Norske tekstar. Eit album som fekk strålande mottaking av både presse og publikum.

Les òg: Festivalstyret planlegg at Jordeplerock 2020 skal kunne gjennomførast

Perler på ei snor

Heilt sidan Eva Weel Skram byrja å synge på morsmålet etter deltakinga i «Hver gang vi møtes» har det gått slag i slag for Sogndalsjenta, og høgdepunkta frå dei siste åra er mange. Singlane frå det nye albumet vart slept som perler på ei snor.

Publikum kan gleda seg til å få servert favorittar som «Om du vil» og «Hold meg» i tillegg til Evas vakre tolkingar av storheiter som Ole Paus og Henning Kvitnes.

Les òg: Vidar Villa til Jordeplerock

Fullspikka program

Festivalleiinga er svært nøgde med det ferdige programmet, og i år finn ein alt frå pop til rock og poprock. I tillegg kjem dei største og mest folkekjære norske artistane, til dei nykomne med internasjonalt publikum.

– Som alltid har Jordeplerock eit program som passar for alle, seier Bjørkum. 

Han legg også til at det er ei god blanding av nye og tidlegare artistar. Sjølv om dei fleste er nye, er det nemleg ikkje fyrste gong at Eva Weel Skram og DDE kjem til Jordeplerock. Eva Weel Skram vitja Jordeplerock fyrste gong allereie i 2014, medan DDE vitja Jordeplerock i 2016.

Ny vurdering om billettsal

Etter at regjeringa avlyste alle idrett- og kulturarrangement fram til 15. juni fortel Bjørkum at dei får ny informasjon innan 1. mai om korleis resten av festivalsommaren blir. Difor må dei no må ha fleire tankar i hovudet, og han vedgår at dette kan slå begge vegar.

– På grunnlag av dette skal det takast ei ny vurdering angåande billettsalet, som enno ikkje har starta, seier Bjørkum. 

Slik som det tidlegare har blitt informert, planleggast det for at festivalen skal gjennomførast. Detaljane om ei eventuelt avlysing eller flytting er ikkje klare. Bjørkum fortel også at dei har vore inne på tanken om å flytte artistavtalar til neste år.

– Det å flytte avtalar til neste år er ein moglegheit, men det kjem an på nasjonale føringar, sidan situasjonen endrar seg får dag til dag, seier Bjørkum

Han legg også til at det reint juridisk og økonomisk er stor skilnad om festivalen blir avlyst på eige initiativ, eller om det kjem eit myndigheitskrav om avlysing.

– Me planlegg for fleire scenario, men kan ikkje gå i detaljane på dette no, avsluttar Bjørkum.

Til toppen