PÅ HEIMEBANE: Weel Skram er ein av fleire kjende artistar som kjem til studentveka i Sogndal.
PÅ HEIMEBANE: Weel Skram er ein av fleire kjende artistar som kjem til studentveka i Sogndal. (Foto: Stine Raastad / Pressefoto)

Eva Weel Skram kjem til Vekao 2019

Sogndalsjenta kjem til heimbygda si for å halda konsert under Vekao i mars.

Songdal: Eva Weel Skram har treft ei nerve hjå det norske folk, og har verkeleg etablert seg som ei av landets aller mest folkekjære artistar, skriv Vekao på si Facebook-side når dei natt til laurdag slapp den siste artisten på programmet for studentveka. 

– Konsertane er, som albumet, smakfullt innpakka i vakre og harmoniske lydbilete, og Eva har som alltid med seg sin faste musikalske samarbeidspartnar, ektemann og gitarist Thomas Stenersen, melder Vekao. 

No er programmet for studentveka i Sogndal komplett, med fleire kjende artistar som Dagny, Staut, Klovner i kamp og Eva Weel Skram.

Til toppen