STENGD: Vegen er stengd over brua ved sjukehuset i Lærdal. Elva går så høgt at kommunen ikkje vil sleppa folk over i bil. Foto: Anne Karin Skjær.
STENGD: Vegen er stengd over brua ved sjukehuset i Lærdal. Elva går så høgt at kommunen ikkje vil sleppa folk over i bil. Foto: Anne Karin Skjær.

Evakuerer fleire innbyggjarar i Lærdal

Flaumen gjer at fleire innbyggjarar i Lærdal må evakuera av frykt for at vassmengdene skal gjera store skader på eigedommar.

Storflaumen i Lærdal har gjort til at kommunen no er i beredskap og har alt byrja evakueringa av fleire bustadar. Politi og mannskap frå kommunen er på plass, og Røde Kors bemannar opp lokalt.

Det vert tysdag kveld evakuert to stadar i Lærdal. Innbyggjarane ovanfor Voll bru blir evakuert til Ljøsne skule, medan dei som bur nedanfor brua blir flytta til rådhuset i sentrum.

Overfløymte sideelver

Den store nedbørenmengda gjer til at sideelvene fløymer over. Det er meldt om sterk vassføring både i Nivla, Senda, Kuvelda og Teiggjeli ved Håbakken. E-16 er no stengt, og politiet er på plass. 

– Me veit at vegen til Vindedalen er stengt, og det er høg vassføring i Erdalselva. Brua opp i Erdal stengt, opplyser kommunen på sine nettsider.

Fryktar ras

Ordførar Jan Geir Solheim var like etter klokka 20.00 på veg opp til Ljøsne skule. Han fortel at situasjonen har forverra seg.

– Regnet har byrjar å avta, og det er meldt kjøligare vêr. Det me fryktar mest no er at det kan gå ras, fortel Solheim til Porten.no.

Fleire evakuerte

Lærdal kommune opplyser i ei pressemelding at om lag tolv personar er evakuerte i området Tønjum-Ljøsne. I Erdal er éin familie flytta ut, og om lag 31 personar manglar vegsamband. Mellom Erdal og Vindedal manglar 13 personar vegsamband.

På rådhuset er det forelaupig ingen evakuerte. Ei husdyrbesetning er truga av vatnet. Dyra er slepte ut og går på frimark. 

I 20.30 tida blei store deler av Lærdal mørklagt og naudagregatet ved sjukehuset slo inn. I 21.00 tida var straumen tilbake over store delar av kommunen. 

Jan Geir Solheim understrekar at alle telefonar og spørsmål går til Lærdal kommune på telefon 57 64 12 03.

Har du bileter frå flaumen i Lærdal, som du vil dele med Porten.no sine lesarar, send dei til tips@porten.no.

Til toppen