BETRING: Ei evaluering av arbeidsmiljøet i Sogn barnevern syner betring. Mellom anna scorar tenesta bra i ei medarbeidarkartlegging, og dessutan har sjukefråværet gått ned til eit normalt nivå. Foto: Halvor Farsund Storvik.
BETRING: Ei evaluering av arbeidsmiljøet i Sogn barnevern syner betring. Mellom anna scorar tenesta bra i ei medarbeidarkartlegging, og dessutan har sjukefråværet gått ned til eit normalt nivå. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Evaluering syner betring i arbeidsmiljøet hjå Sogn barnevern

– Me har no tilsette som får lov til å ha fullt fokus på jobben dei skal gjera, seier rådmann i Sogndal.

Sogndal: Sogn barnevern har vore i hardt vêr dei siste åra, der både tenestene som barnevernet skal levere, men også arbeidsmiljøet har vore under lupa i media.

I 2015 og 2016 forsvann 18 personar ut av ei teneste som totalt tel 13,5 årsverk. Nesten alle som jobbar der i dag vart tilsett i 2016. Eit par har òg kome til i år. Fredag sendte Sogndal kommune, som er vertskommune for tenesta, ut ei pressemelding som syner betring i arbeidsmiljøet.

Nyleg har kommunen hatt eit møte der arbeidsmiljøet i eininga vart evaluert. Her deltok tilsette, tillitsvalde, vernetenesta og arbeidstilsynet. Av evalueringa går det fram at sjukefråveret er nede i 3,8 prosent for 1. kvartal i år. Ei medarbeidarkartlegging i heile kommunen syner også at eininga scorar over landssnittet på åtte av ti måleparameter.

BETRING: Rådmann Jostein Aanestad fortel om betring i arbeidsmiljøet i Sogn barnevern.
BETRING: Rådmann Jostein Aanestad fortel om betring i arbeidsmiljøet i Sogn barnevern.

– Oppmoda om å fortelje om situasjonen

Undersøkinga har ein scoreskala frå 1 til 5, og Sogn barnevern scorar over 4 på alle ti faktorar, og over 4,5 på 5 av dei 10. Det var 100 prosent deltaking på årets medarbeidarundersøking. 

– Det er svært gode tal som me set stor pris på. I evalueringsmøtet kommenterte alle arbeidssituasjonen slik dei opplever han no, og der gir dei gode tilbakemeldingar. Me er sjølvsagt nøgde med ei teneste som har fokuset sitt på å jobbe med barnevern og brukar energi på det, seier rådmann Jostein Aanestad til Porten.no.

– Kvifor er det så viktig for kommunen at de har laga ei pressemelding på akkurat dette?

– Det har vore ein situasjon tilbake i 2014 og 2015 der biletet var heilt anna, og som fekk betydeleg mediemerksemd. Det er mange tilsette som føler me treng å kommunisere ut at slik er det ikkje lenger. Medieomtalen var så sterk at mange går med den førestillinga framleis om at det ikkje er bra. Difor er me blitt oppmoda om å nytte høvet til å fortelja om situasjonen slik han er no, svarar rådmannen.

Arbeidsmiljøet påverkar oppgåvene

Han fortel at det barnevernet no har av fråvær har sine normale årsaker i sjukdommar dei fleste av oss vert råka av i løpet av året. Aanestad meiner også at dei tilsette no trivst på jobben.

– Det er viktig i seg sjølv at me kan syne at me har eit godt miljø her, og så er det viktig at dei tilsette no kan levere gode tenester til dei som skal ha dei tenestene. Me ser heilt klart betringar på det område. 

– Har eit godt arbeidsmiljø effekt på jobben dei tilsette gjer?

– Ja, me veit det gjennom desse åra at med eit så stor sjukefråvær som har vore, så har ikkje tenestene blitt levert fordi me ikkje har hatt den kapasiteten me skal ha i lange periodar. Når me no har full kapasitet, skal tenesteytinga bli betre, og me meiner me ser det.

– Kan ikkje leggje oss bakpå

I februar la Fylkesmannen fram sin endeleg tilsynsrapport om Sogn barnevern. Fylkesmannen har gått gjennom 21 henlagde meldingar og saksmappene til 207 barn i perioden frå januar 2015 til september 2016.

Bakgrunnen for tilsynet var frykt for at problema i Sogn barnevern kunne gå ut over tenestene til barn og familiar i Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal. I rapporten konkluderte Fylkesmannen med åtte avvik i tenesta. 

Tidlegare same månad bestemte politikarane i Sogndal seg for at ei ekstern gransking av tenesta måtte til. Resultatet av granskinga skal vere klar i løpet av mai.

– Me var veldig tydeleg i evalueringsmøtet på at me ikkje kan leggje oss bakpå og tru at arbeidsmiljøet blir sånn i alle æve. Me er opne for at det kan oppstå situasjonar, og då er det viktig at folk gir beskjed om det til næraste leiar, verneombod eller tillitsvalde. I tillegg har eg invitert til eit nytt møte i løpet av 2017 slik at me forsikrar oss om at me held fram i same spor, avsluttar rådmannen.

Til toppen