TOK TID: Eit av funna etter evalueringa naudetatane avdekka, var at det tok for lang tid frå brannen braut ut til naudetatane vart varsla.
TOK TID: Eit av funna etter evalueringa naudetatane avdekka, var at det tok for lang tid frå brannen braut ut til naudetatane vart varsla. (Foto: Vest politidistrikt)

Evaluerte tunnelbrannen, tok for lang tid å varsla naudetatane

I mars tok ein lastebil fyr i Gudvangatunnelen under vedlikehaldarbeid. Snartenkte arbeidarar fekk evakuert bilistar, og ingen personar vart skadde.

Aurland: Fredag møttest naudetatane i Aurland for å evaluera bergingsarbeidet og sjå nærare på korleis samarbeidet mellom dei fungerte under brannen. 

Under møtet sa Haavard Stensvand, beredskapssjef hjå fylkesmannen i Vestland, at det gjekk nokre minutt for mykje frå den første meldinga kom til varslinga gjekk ut. Det skriv NRK

– Blant anna la innringaren svært fort på, og det gjekk nokre minutt før dei fekk ei stadfesting på at det faktisk var ein brann, sa Stensvand til avisa. 

Dramatisk brann

Under vedlikehaldsarbeidet var det 29 arbeidarar som jobba i tunnelen.

– Dei har pusta inn ein del røyk og vert undersøkt av helse, sa Morten Rebnord,  operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Porten.no, då. 

Etter brannen viste det seg at lastebilen som tok fyr var heilt ny. Tunnelen vart så stengt i ei veke. 

Til toppen