STORSPELTE: Trass storspel frå Hege Bakken Wahlquist med 13 scoringar på to kampar mot Viborg i cupvinnarcupen, blei det ingen plass i kvartfinalen. Det sørga Ann Grete Nørgaard Østerballe (t.h.) for med sine elleve mål. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.

Eventyret i Europacupen er over for Hege

Trass storspel frå Hege Bakken Wahlquist er Europacup-eventyret over for ho og Glassverket.

Årdal: Etter to knepne tap for Viborg er Glassverket ute av Europacupen. Over to kampar var det berre to scoringar som skilte laga.

Søndagens kamp enda med 22-23-tap for Viborg, men Wahlquist frå Årdal bidrog iallfall med sitt til at blei med knepne tap der premien var ein plass i kvartfinalen i cupvinnarcupen. 

I det første oppgjeret putta vingen åtte scoringar, og i den andre blei det med respektable fem. Totalt 13 nettkjenningar er likevel svært imponerande av Wahlquist. 

Til toppen