FYRSTE HEFTET: Slik ser framsida ut på det aller første juleheftet av Tuss og Troll frå 1945. Jens R. Nilssen illustrerte eventyra den gongen. Foto: Kari Hamre /minetegneserier.no
FYRSTE HEFTET: Slik ser framsida ut på det aller første juleheftet av Tuss og Troll frå 1945. Jens R. Nilssen illustrerte eventyra den gongen. Foto: Kari Hamre /minetegneserier.no

Eventyrleg 70-åring

Juleheftet Tuss og Troll har gledd små og store i 70 år, og er ein av dei eldste norske teikneseriane som har kome regelmessig.

Tuss og Troll er ein norsk teikneserie basert på eventyr, for det meste norske folkeeventyr, men har også innslag av nyskrivne eventyr og eventyr frå H.C. Andersen og 1001 natt.

Teikneserien byrja i Norsk Barneblad i 1944. Året etter kom det første juleheftet. Det inneheldt historiene om Mons Raudskjegg og Vesle Gunnlaug og vart ein suksess. Tuss og Troll har sidan kome ut årleg som julehefte.

Artikkelen held fram under biletet.

ÅRETS: Slik ser 70-årsjubilanten ut i år. Foto av årets julehefte: Kari Hamre / NPK
ÅRETS: Slik ser 70-årsjubilanten ut i år. Foto av årets julehefte: Kari Hamre / NPK

Moderne tema i eventyrstil

Det var Øyvind Dybvad (1908– 1989) som hadde ideen til Tuss og Troll-serien og som skreiv dei første tekstane. Jens R. Nilssen (1880– 1964) teikna serien dei første åra. Frå 1957 var det fantasien til teiknaren Solveig Muren Sanden (1918– 2013) som gav liv til historiene. Etter 1986 veksla teikneansvaret mellom Nilssen, Muren Sanden, Håkon Aasnes og Anders Kvåle Rue. Det har gitt eventyra litt ulikt særpreg oppgjennom åra.

Artikkelen held fram under biletet.

TEIKNAR: Solveig Muren Sanden teikna over 100 eventyr til juleheftet Tuss og Troll. Dette er framsida i 2007.
TEIKNAR: Solveig Muren Sanden teikna over 100 eventyr til juleheftet Tuss og Troll. Dette er framsida i 2007.

Johannes Farestveit (1923– 1995) tok over eventyrskrivinga i 1956 og heldt på til 1986. Etter det har Olav Norheim, Anders Kvåle Rue, Velle Espeland og Gard Espeland vore med som forfattarar. I seinare tid har juleheftet vore både gjenbruk av eldre striper og nylaga forteljingar og teikningar. Dei nye historiene har tradisjonell eventyrramme, men gjerne med meir moderne tema og innhald.

Tuss og Troll har i 70 år vore populær og tradisjonsrik juleunderhaldning for både barn og vaksne, men det har også vore kritiske røyster innimellom som har kalla teikneserien både heidensk og ugudeleg.

Dei siste åra har juleheftet vore på 32 sider, der halvparten er nyteikna historier og resten er opptrykk av klassikarar frå serien.

I årets hefte er dei gamle stripene frå 1965, skrivne av Johannes Farestveit og illustrert av Solveig Muren Sanden. Dei nye eventyra er skrivne av Gard Espeland og teikna av Håkon Aasnes.

Til toppen