Eventyrleg start på laksesesongen 

To minutt etter midnatt fekk Thomas Hjermann ein holaks på 9,5 kilo på kroken. Tre minutt seinare var årets første fangst kome på land. 

Lærdal: Natt til søndag baud på ein glitrande start for årets laksesong i Lærdalselvi då årets første laks beit på kroken berre to minuttar etter at startskotet hadde gått av.

Sjå biletserie av sesongstarten øverst i saka ved å klikka deg til høgre. 

– Kva er klokka? Spør Thomas Hjermann. 

– 11.40, kjem det frå Lars Petter Forberg. 

Det er 20 minutt til årets laksesesong startar og kompisgjengen trippelsjekkar at alt utstyret er på plass utanfor fiskehytta på Stødno. 

Hjermann har teke med seg vennene Håvard Garseth og Lars Petter til hytta på Stødno i Lærdal for å prøve fiskelykka rundt midnatt. 

Tolmodig har dei alle tre teke elveheisen bak Lærdalsøyri skule til den faste fiskeplassen nemme berget der Lærdalselvi renn ut i fjorden. 

Saka held fram under bilete. 

DIREKTESENDT: Lars Erik Ørgersen hadde direktesending for Fiske TV då årets fiskesesong starta i Lærdalselvi. Her saman med Thomas Hjermann.
DIREKTESENDT: Lars Erik Ørgersen hadde direktesending for Fiske TV då årets fiskesesong starta i Lærdalselvi. Her saman med Thomas Hjermann.

Livskraftig laksestamme

Dei neste to vekene skal Hjermann og resten av vennegjengen testa ut fiskelykka frå der elva renn ut i fjorden og opp til grensa mot Øye. Her har han fiska i alle år, sjølv om han til vanleg bur i Bærum og jobbar i Oslo som advokat. 

– Elva har vore freda i nokre år, men så har det også vore prøvefiske, seier han. 

I 1996 vart lakseparasitten gyro påvist i elva. Sidan den gong har elva blitt behandla med både rotenom og surt aluminium. Dei siste prøvane frå elva syner at det ikkje lenger er gyro i elva, men den vert ikkje offisielt friskmeld før hausten 2017.

Saka held fram under bilete. 

KLAR: Thomas Hjermann sjekkar at utstyret er klart like før midnatt.
KLAR: Thomas Hjermann sjekkar at utstyret er klart like før midnatt.

– Det som er gledeleg er at det har vore god gyting, trass i rotenombehandlingen for å få fekk gyroen. Det har vore omlag 1000 laks dei fire siste åra som har gytt etter tellinga. Dette tydar på at stammen er livskraftig, seier Thomas. 

I fjor kom det laks frå forskjellige årsklassar, noko som stadfestar dette. Dei fleste lakseelvar i Noreg opna 1. juni, men myndigheitene har bestemt å starte fiske i Lærdalselvi litt seinare og avslutte litt tidlegare. 

–  Det er fordi elva ikkje er friskmeld, seier Thomas. 

Nyttårsaftan for fiskeentusiastar 

– Eg brukar maksimalt med tid i Lærdalselvi, men fiskar ellers i fjellet. Det er alltid moro å prøva å få den første laksen sjølv, det har eg gjort nokre gonger. No er det ny sesong og det er ei slags nyttåraftan for oss fiskeentusiastar, seier Thomas. 

Sjølv tjuvstarta den erfarne fiskaren då han onsdag fekk ein haug med laks i Gaular då elva der opna. 

Saka held fram under bilete. 

FISKE: Her skal vennegjengen leve dei neste 12 dagane, berre eit steinkast frå elvi.
FISKE: Her skal vennegjengen leve dei neste 12 dagane, berre eit steinkast frå elvi.

– Me er ein vennegjeng, det kjem fleire, nokre kjem og andre reiser. Her kan ein gløyme klokka, seier han. 

Fiskarane skal teste fiskelykka frå midnatt til klokka eitt, før dei tek ein sovepause og startar opp igjen når det blir lyst. 

– Når ein har opplevd å få ein del store laksar, så er ein øydelagt for livet. Det er eg jo berre. Når eg var raudruss og alle dei andre var oppe i fransk og slikt, reiste eg inn igjen hit å fekk tre laksar den 15. mai. Dei var alle på over 21 kilo kvar, fortel Thomas. 

Laksen beit på sjiraffhalen

NAPP: Thomas Hjermann fekk ein holaks på 9,5 kilo.
NAPP: Thomas Hjermann fekk ein holaks på 9,5 kilo.

Laksen i Lærdalselvi er større enn i andre norske elvar, ifølgje Thomas. 

– Me er heldige om me får noko no, seier han like før startskotet går av. 

Mykje av fisken i elva har reist lengre opp. I tillegg er det vanskeleg å få tak i fisk når elva er så pass stor. 

– For oss kunne den ha vore ein halv meter mindre. Vêrforhalda er heilt perfekt, men elva skulle vore litt mindre og klarare, seier Thomas. 

– 5, 4, 3, 2, 1. Det er midnatt og årets første kast er gjennomført.

Det har byrja å mørkna, men det er likevel lyst nok til å sjå når fisken kjem til overflata. Etter berre to minutt har Thomas fått napp. Ein holaks på 9,5 kilo har bite på det sjølvlaga agnet som han lagde i går kveld. 

– Dette var moro. Plutseleg fekk eg napp. Eg tok den ganske fort sjølv om det var ein rimeleg stor laks. Lars Petter var ein strålande med laksehåven og vart til stor hjelp der ute, seier Thomas. 

Dei tre karane har alle kvarandre på øyrene og kommuniserer heile tida medan dei fiskar i ulike hølar langs elva. 

Saka held fram under bilete.

SJIRAFF: Fluga har Thomas Hunderi laga sjølv av giraffhår som han fann i Sør-Afrika.
SJIRAFF: Fluga har Thomas Hunderi laga sjølv av giraffhår som han fann i Sør-Afrika.

– Flugeagnet har eg laga sjølv. Då eg var i Kruger Nasjonalpark i Sør-Afrika, var det ein giraff som vart teken av ei løva. Eg fann halen. Det er hår frå denne giraffen på fluga som eg laga, seier Thomas stolt. 

Sidan det var ein holaks, må fiskarane setje den ut igjen i elva. Det var ingen skade på laksen og ifølgje Thomas såg den fin ut når han sette den ut igjen. 

– Viss spenning i det

Lars Petter fekk ikkje sjølv napp under starten på fiskesesongen, men bidrog mykje med å få laksen til Thomas i land. 

– Eg er ingen stor fiskar og har heller ikkje fått laks i denne elva før Thomas er den mest erfarne, seier Lars Petter. 

Han kjem heile vegen frå Skjåk for å vere med på sesongstarten. 

FANGST: Lars Petter Forbeg assisterer Thomas Hjermann då dei skulle få laksen opp på land. Foto Camilla Skjær Brugrand. 
FANGST: Lars Petter Forbeg assisterer Thomas Hjermann då dei skulle få laksen opp på land. Foto Camilla Skjær Brugrand. 

– Det er ei spennande naturoppleving for min del. Ein kan ikkje sei at ein kjempar mot elementa, for det blir for dramatisk, men det er ein viss spenning i det. Det å vite at ein heile tida har moglegheita, seier han. 

På denne tida av året, er det mest normalt å få laksar på mellom 8,5 og 12 kilo. Kveldens fangst var med andre ord midt på i mellom. 

– No skal me feira, så legg me oss til å sove eit par timar, seier Thomas like etter at klokka har blitt to på natta. 

Om berre nokre timar, prøver dei fiskelykka igjen. 

Til toppen