SOGNDAL OG LUSTER: Skisesongen er godt i gang, og mange nyt januarvêret til fjells og i alpinbakken. Både skientusiastar og eigarane av alpinanlegga spår knallsesong.

– Dette tykkjer eg har vore ein av tidenes beste sesongopningar, seier Tom Christian Wergeland.

Han er glad i å stå på ski, og brukar gjerne helga på fjellet. Wergeland er overbevist om at skisesongen i Sogndalsdalen kjem til å vare til langt utpå våren.
– Ein rekordsesong på alle måtar
Også alpinanlegga er nøgde med vinteren so langt. Både Sogndal skisenter og Sogn skisenter i Luster kan melde om gode sal og nøgde kundar.
– Temperaturane har vore relativt kalde, med berre nokre få plussgradar i mellom. Me har fått pakka løypene harde, slik at dei kjem til å vare lenge, seier dagleg leiar ved Sogndal skisenter, Per Odd Grefsnes.
Runar Henning Tørvi ved Sogn skisenter er óg stornøgd, men vil ikkje selje bjørnen før den er skoten.

– Eg veit enno ikkje om dette vert eit rekordår, men me har hatt ein god start på sesongen i alle fall. Ein av milepelane for eit skisenter er juleferien, og den gjekk veldig bra i år, seier Tørvi.
Denne vinteren har det kome jamlege snøfall og vêret har vore stort sett stabilt. Det er optimalt for preparerte løyper, som ligg lenger ut på våren jo hardare pakka dei er.
– Me har rett og slett hatt ein god, gamaldags vinter. Lat oss berre håpe det varar, seier Tørvi.