STREIKAR: El-montørane streikar for retten til å halde på alle avspaseringsdagane dei har.
STREIKAR: El-montørane streikar for retten til å halde på alle avspaseringsdagane dei har.

Everksjefane takkar vêret for at streiken ikkje har fått konsekvensar

Ingen private kundar i Sogn har mista straumen sidan streiken braut ut for ein månad sidan. 

Indre Sogn:  I dag gjekk dei fagorganiserte ved Årdal energiverk ut i streik. Tre energiverk i Sogn har allereie streika i mellom tre og fire veker. Utan at straumkundane i Aurland, Lærdal og Luster har merka noko til det.

Det gode vêret skal ha det meste av takka. Hauststormane har lete vente på seg, men det betyr ikkje at vêret vil halde seg slik i det uendelege.

– Eg er spent på korleis det går viss det kjem ein storm, slik det gjerne gjer om hausten, med trefall over linjene og så vidare. Då kan det få større konsekvensar og verte noko kundane vil merka, seier everksjef Per Gullaksen i Lærdal Energi.

Les også: No er streiken eit faktum
Les også: Årdal Energi i streik frå måndag

Straumbrot verst for dei næringsdrivande

I Aurland er ingen vanlege hushaldningar utan straum. Dei einaste råka av den månadlange streiken er to abonnentar i Jernbaneverket og nokre sommardrevne stølar. Helge Morten Vangen i Aurland Energi seier det ikkje er uvanleg at straumnettet opererer feilfritt så lenge.

– Det har gått veldig greitt for oss, seier han.

– Det kan sjølvsagt skje at du plutseleg får eit ras av feil, men me har vore heldige med vêret, seier Vangen.

Faren for at heile sognebygder plutseleg skal gå i svart meiner han uansett er overdriven. Oftast er det eitt eller to hus som blir råka når straumen først går. Men skulle du først vere uheldig, må du greie deg utan til streiken er over.

Størst konsekvensar trur Vangen det vil kunne få for dei næringsdrivande. 

– Viss for eksempel Ægir bryggeri går ut. Femti tusen liter øl under gjæring blir til bos. Det vil vere krise for han det gjeld, seier Vangen.

– Kundane våre har ikkje merka noko

På fredag har det òg gått ein månad sidan streiken starta i Lærdal. Heller ikkje der står kundar utan straum. Everksjef Per Gullaksen seier dei har ein del utfordringar, som manglande service til kundane, forseinka prosjekt og stopp i vedlikehald.

– Utover det, så har me vore heldige og skåna for store feil i nettet vårt. Så kundane våre har ikkje merka noko, seier han.

I Luster har streiken vara i tre veker. Everkssjef Anders Molland seier heller ikkje dei har kundar utan straum.

– Me har ikkje hatt nokon feil enno. Men så har me vore heldige med vêret som har vore voldsomt stabilt, seier han.

Til toppen