KAMP: Einar Rysjedal i Raudt Høyanger fryktar at skrotinga av nasjonal ramme kan bety at vindkraftutbyggjarane får endå friare vilkår.
KAMP: Einar Rysjedal i Raudt Høyanger fryktar at skrotinga av nasjonal ramme kan bety at vindkraftutbyggjarane får endå friare vilkår. (Foto: Arkivfoto)

MEININGAR

Evig kamp mot vindturbinar?

Kampen mot vindkraft må halde fram sjølv om nasjonal ramme er skrinlagd, skriv Einar Rysjedal.

Meiningar: Kampen mot vindturbinar i våre fjellområde fekk ein enorm oppslutning. Folk flest vil ikkje godta vindkraft-selskapa sine massive angrep på natur, miljø og friluftsliv.  Det same gjeld i nabokommunane våre. Det same gjeld i praktisk tala heile landet.

Vindkraft-regjeringa har derfor bestemt seg for å ”skrinlegge” NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft.  Dette gjorde dei, fordi dei ser at det er taktisk uklokt å leggje seg ut mot praktisk tala heile landet.  Så godt har vindkraftmotstandarane lukkast i sitt opplysningsarbeid og organisering av motstanden!

Men at nasjonal ramme no er skrinlagt, betyr lite og ingenting om utbyggingane held fram som no. Eit bortimot samla Storting, er for utbygging av vindkraft. SV og MDG er rett nok litt reserverte og Raudt er mest bastant mot. Vindkraft-regjeringa vil derfor skifte taktikk – no vil dei kanskje i endå større grad la vindkraft-selskapa gå laus på område etter område.

Olje- og energiministeren har sagt at dei ”Vil se på konsesjonsprosessen”. Eg fryktar at både dette og andre tiltak, med støtte frå eit fleirtal i Stortinget, kan gjere det lettare for vindkraftselskapa å få lokalt og nasjonalt gjennomslag. Tiltak kan f. eks. vere å gje kommunane meir skatteinntekter dersom dei er meir medgjerlege overfor vindkraftselskapa. Med slunkne kommunekassar, kan det vere ein utspekulert taktikk, som det derfor her og no blir åtvara mot.

Motvind Norge har i løpet av ei vekes tid fått over 12000 medlemar. Organisasjonen stiller på si nettside tre krav:1) ”Stopp inngrepene”, 2) ”Trekk konsesjoner der anleggsarbeid ikke er påbegynt!” og 3) ”Stortinget må pålegge Riksrevisjonen forvaltningsrevisjon av konsesjonsprosessen”. Vi vil oppfordre alle om å slutte opp om dette og melde seg inn i Motvind Norge.

Og: Fred. Olsen har ikkje trekt meldinga si om utbygging i Høyanger-fjell (trass i Høyanger kommunestyre har bedd om det). Zephyr skal 29. oktober ha blidgjeringsmøte med grunneigarar på Øvre Lavikdalen, i deler av Hyllestad og i Guddalen. Kampen mot utbygging har nettopp begynt (lokalt har vi halde på berre eit halvt års tid). Vi må førebu oss på å stå på fleire år framover!

 

Til toppen