TIL SOGN: «Evig Ung» markerer startskotet på 40-årsjubileumet til Sogn og Fjordane Teater. I mars kjem stykket til indre Sogn. Foto: Oddleiv Apneseth.
TIL SOGN: «Evig Ung» markerer startskotet på 40-årsjubileumet til Sogn og Fjordane Teater. I mars kjem stykket til indre Sogn. Foto: Oddleiv Apneseth.

«Evig ung» markerer startskotet på 40-årsjubileumet og legg ut på turné​

I mars kjem suksessframsyninga til indre Sogn.

Indre Sogn: I år feirar Sogn og Fjordane Teater (SoFT) 40 år. Startskotet på jubileumet er komedien «Evig ung» – eit musikalsk fyrverkeri av ei framsyning, som skal spreie song, latter og livsglede i både Sogn og Fjordane, Nordhordland og Bergen. 

Handlinga i Evig Ung spelar seg ut ein gong i framtida. Sogn og Fjordane Teater er lagt ned og gjort om til ein gamleheim for avdanka skodespelarar, men desse nektar å la alderdommen stå i vegen for livsgleda.

Gamleheimen styrast med jarnhand av den infame pleiaren, og dei eldre må leve med både nedlatande behandling og overformynderi. Men så fort pleiaren snur ryggen til, vaknar dei aldrande skodespelarane til liv. Dei lèt songen, leiken og låtten bryte laus.

Velje frå øvste hylle

Regissør Hilde Sol Erdal, som tidlegare har jobba med suksessar som Kvinner på randen og Ylvis, regisserer no si første framsyning på Sogn og Fjordane Teater. Ho er svært nøgd med at ho kunne velje skodespelarar frå øvste hylle då ho sette saman ensemblet til Evig Ung.

Artikkelen held fram under biletet.

DYKTIGE: – Me har fått med oss ein bukett av dyktige skodespelarar, som også er musikalske. Det er klart dette er avgjerande i eit stykke med så mange flotte songar, seier regissør Erdal. 
DYKTIGE: – Me har fått med oss ein bukett av dyktige skodespelarar, som også er musikalske. Det er klart dette er avgjerande i eit stykke med så mange flotte songar, seier regissør Erdal. 

 – Me har fått med oss ein bukett av dyktige skodespelarar, som også er musikalske. Det er klart dette er avgjerande i eit stykke med så mange flotte songar, seier Erdal.

På scena vil ein mellom anna få sjå bergensaren Elisabeth Moberg, kjend frå «Kvinner på randen›, og Claus Sellevoll som nett er ferdig med det kritikarroste stykket «Singel & Sand».

Syne eit anna bilete av elre

Saman med desse finn du dyktige Idun Losnegård, Oda Alisøy, Sigurd Sele og Stig-Werner Moe. Det ivrige ensemblet er klare for å gi publikum ei oppleving dei seint vil gløyme med kjende låtar som «Stayin' Alive» og «Smells Like Teen Spirit».

– Når det er gamle menneske som syng desse hitane, får dei ein ekstra dimensjon og ny betyding. Eg håpar me kan vise eit anna bilete av eldre med denne framsyninga. At «Evig Ung» kan minne oss på at inni oss er me vitale heile livet, seier Elisabeth Moberg.

Artikkelen held fram under biletet.

TIL SOGN: Stykket har premiere denne helga i Førde. 7. mars kjem dei til Årdal, deretter Aurland dagen etter, og så Sogndal 9. mars. 
TIL SOGN: Stykket har premiere denne helga i Førde. 7. mars kjem dei til Årdal, deretter Aurland dagen etter, og så Sogndal 9. mars. 

Til å kjenne seg att i

I ensemblet er Harald Dahlstrøm med. Gjennom heile stykket trakterer han pianoet og akkompagnerer skodespelarar i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste 50 åra.

– Mange av situasjonane som oppstår er slike som folk lett kan kjenne seg igjen i, så humoren trur eg vil treffe publikum i alle aldrar, fortel Dahlstrøm.

Stykket har premiere denne helga i Førde. 7. mars kjem dei til Årdal, deretter Aurland dagen etter, og så Sogndal 9. mars. 

Til toppen