VERT LAGT NED: Expert-butikken i Årdal vert ikkje opna att, men drifta i Sogndal kjem til å halde fram. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
VERT LAGT NED: Expert-butikken i Årdal vert ikkje opna att, men drifta i Sogndal kjem til å halde fram. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

– Expert i Sogndal kjem til å bestå​

I Sogndal har dei lykkast med å finna nokon som vil driva Expert-butikken vidare, noko dei ikkje klarte i Årdal.

Årdal: Det fortel Odd Børge Nundal, som eigde dei to butikkane gjennom selskapet Nundal Detail, der han var dagleg leiar. No er selskapet slått konkurs.

– I Sogndal har dei lykkast med å finna andre til å halde fram med butikken, noko ein ikkje klarte i Årdal sjølv om me prøvde lenge, seier han til Porten.no.

Samstundes etterforskar politiet no eit svinn frå varelageret på 1 million kroner. Det skriv Sogn Avis. Meldinga om svinnet kom inn til politiet i fjor, men saka er framleis under etterforsking.

– Av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje gå inn på den type forhold no. Men det er av interesse for oss om det er nokon der ute som har tips, så kom gjerne med dei, svarar politiadvokat Magnus Eng Juel på spørsmål frå avisa om mistenkte i saka.

Lause trådar

Advokat Jan Arild Rømmen i Advokatfirmaet Tollefsen er nemnd opp som bustyrar i konkursbuet. 

– Om varene ikkje er leverte, stelt ved levering eller om dette er tull alt saman, veit eg ikkje. Expert tok over styringa av butikkane seint i fjor og instruerer korleis ein skal gjere det med sal og oppgjer. 90 prosent av varelageret er flytta til Sogndal, der dei framleis driv på. 

– Kva har dette å seie for jobben du skal gjere?

– Ingenting, svarar han. 

Rømmen fortel at det framleis er ting han ikkje har oversikt over, mellom anna når det gjeld tilsette. Han skildrar situasjonen som «full av lause trådar». 

– Er det ein sjanse for at dette enkelt og greitt kan vere ein teknisk feil i eit datasystem?

– Det er mogleg.

Stengte i januar

Det var i januar kundane i Årdal vart møtt med ein lapp på døra, der beskjeden var at butikken i først omgang vart stengt på ubestemt tid. Bakgrunnen var at Odd Børge Nundal og broren, som også driv firmaet Nundal Consult, ikkje hadde tid til å driva eletronikkbutikken i tillegg.

I førre veke skreiv Porten.no at eigaren av bygget, Ole Vidar Øren, og Årdal Boligbyggelag ønskjer å gå saman om å utvikle sentrumsnære leiligheiter i bygget i framtida.

Til toppen