Få ein smugtitt av korleis det ser ut på Bakeriet

Porten.no har besøkt Bakeriet berre timar før dørene opnar.

I skrivande stund er det berre timar att til dørene opnar for første gong på Årdals nye rockehus Bakeriet.

– Nervene er ganske bra, men eg er i godmodus fordi eg trur dette blir det frekkaste me nokon gong har hatt i Årdal, seier Henrik Rønningen.

Han har fått på seg t-skjorte med Bakeriet-logoen på brystkassa og gjer siste finpuss på lokalet før publikum strømmer inn dørene i kveld.

Få eit lite innblikk av korleis det ser ut på Bakeriet i galleriet øvst i artikkelen.

– Det er nokon smådetaljar som gjenstår og ein runde med dei som har brannvakt, at dei er kjend med lokalitetane og alarmsystem, seier han.

Som Porten.no skreiv førre veka, har det blitt jobba knallhardt dei siste vekene med å ferdigstille rockeprosjektet i tide til Påskerock. Med eit så stramt tidsbudsjett, rekk ein ikkje alt.

– Me ventar på nokre stolar som kjem frå Sogndal sidan me ikkje fekk møblementet i tide. Det du ser her er berre for å ha noko under Påskerock 2015. Nye møblar blir sendt frå Tyrkia neste veka, så til konserten med Bjølsen Valsemølle er det endå fetare her.

– Då satsar me også på å få bygd om heile toalettseksjonen fordi den blir ein flaksehals, det er me klar over, men skulle me bli ferdig til Påskerock, som var den store målsetninga, hadde me ikkje sjanse å byrja på toalettseksjonen, så det blir byggtrinn to.

Inntil vidare gjenstår det berre å venta til rocketonar fyller lokalet.

– Alle er hjarteleg velkomne. Eg håpar folk fyller opp lokalet og lagar skikkeleg Påskerock-stemning av god, gamal kvalitet.

Til toppen