BÅL: Å tenne bål på tur er ein sjølvfølge, tykkjer Christer Gundersen. FOTO: Kjersti Blehr Lånkan
BÅL: Å tenne bål på tur er ein sjølvfølge, tykkjer Christer Gundersen. FOTO: Kjersti Blehr Lånkan

Få fyr på vinterbålet

Å tenne bål på snø og våt mark er ikkje vanskeleg. Men det er visse klassiske tabbar du må unngå.

Er du glad i å gå på tur og synest båltenning er halve kosen? Trur du kanskje det er vanskeleg å få tent bål på snøen?

– Dette bålet kan absolutt alle få fyr på, meiner friluftsentusiast Christer Gundersen, der han står mellom gran- og furutre og snødekte skogsområde. Han har mange år med turar i skog og på fjell bak seg, også som turleiar, og no finn han fram nokre vedkubbar, ei lita øks, ein kniv og nokre tennbrikettar. Alternativt kan du bruke bjørkenever (barken på bjørka) i staden for brikettar.

– Never brenn som berre det, seier han.

Båltabbar
I 2015 blei det utgitt to bøker om bålet. Den eine er skriven av Øivind Berg.

– Utfordringa vinterstid er at varmen får bålet til å søkke i snøen, som gir dårlegare oksygentilførsel slik at det ikkje brenn skikkeleg, seier han.

For å forhindre det, kan du lage eit underlag for bålet.

– Viss du legg nokre greiner, kubbar eller granbar, som ei seng under der du skal brenne bålet, vil det brenne lenge før det søkk, seier han.

Det såkalla pagodebålet, som Gundersen er i ferd med å lage, er i seg sjølv eit godt vinterbål.

Teksten held fram under biletet

PAGODEBÅL: Småved stabla oppå kvarandre, tre-fire i høgda, med brensel i midten, gir eit bål som er lett å få fyr på.
PAGODEBÅL: Småved stabla oppå kvarandre, tre-fire i høgda, med brensel i midten, gir eit bål som er lett å få fyr på.

– Fordi den nedste delen av bålkonstruksjonen tar fyr seinast, held det seg oppe lenger, seier Berg.

Gundersen startar med å hogge vedkubbane i mindre bitar og rive av litt bjørkenever. Så finn han ein eigna, flat plass utan altfor mykje snø, der han sparkar det øvste snølaget til side. Dei små trebitane legg han i ein firkant, to og to mot kvarandre med omtrent tjue centimeters avstand. Tre– fire oppover i høgda. I midten plasserer han bjørkenever og tennbrikettar og set fyrstikka inntil. Det tar ikkje lang tid før flammane får tak og veks.

– Dei to klassiske tabbane folk gjer når dei tenner bål, er å fyre med for store kubbar eller bruke ved som ikkje er tørr nok, seier han.

Berg tilføyer ein tabbe til.

– Mange finn altfor lite ved. Når dei har fått fyr, har dei ikkje nok ved å mate det med, så sløkker bålet medan dei er ute og samlar meir.

Matlagingsbål
Viss du vanlegvis set din lit til primus med gassbluss for matlaging, veit du sikkert at han fungerer dårleg når gradestokken går under null, for då går gassen over i flytande tilstand. Pagodebålet er derimot godt eigna for matlaging. Det er også dei båla ein lager ved hjelp av steinar eller steinheller. Med to- eller tresteinsbålet bruker du steinar eller flate heller for å lagre varmen og skjerme bålet mot vinden.

– Dei er fullt mogleg å få til vinterstid, sjølv om det ikkje alltid er så lett å finne steinar. Du kan eventuelt byggje ein vindskjerm av snøblokker for å få le for vinden, for noko av vitsen når ein lager mat, er at varmen ikkje forsvinn så fort, seier Berg.

Mange vel å setje seg i le for vinden bak ein stein.

– Det kan vere lurt, men du risikerer at det blir veldig røykfullt. Vinden bles over steinen og dannar ei bakevje. Eg vel gjerne å skape litt le bak nokre tre heller enn ein stein, seier Berg.

Anders Sten Nessem, leiar for kommunikasjonsavdelinga i Den Norske Turistforening, trekkjer også fram iglobålet med vedkubbar som ein skjerm rundt i ein sirkel som eit alternativ viss det er mykje vind.

– Det blir eit veldig fint og lunt lite bål, seier han.

Større bål
Men det er også andre typar bål som du med fordel kan kjenne til viss du vil greie deg ute ei vinternatt.

– Viss eg overnattar ute, vel eg eit bål som brenn lenge. Med eit nyingbål eller V-bål kan eg mate bålet ved nærmast å kaste veden bort på det. Eit pyramidebål må derimot heile tida haldast ved like med småved, seier Berg.

Ein nying eller eit stokkebål består av to store stokkar med opptenningsved og brensel mellom stokkane. Legg to små tverrstokkar over stokkane. Når det har tatt fyr, kan du leggje på ein tredje stokk over elden, på tverrstokkane. Det såkalla viftebålet kan også fungere godt ved overnatting. Det byggjer du mot ein kraftig stokk eller stamme. Start med å leggje tynne kvister mot stammen og tenn opp. Når elden har fått tak, legg du meir ved på bålet i vifteform, omtrent som ein halv pyramide.

Bålet til Gundersen er brent ned og han har dekt restane med snø. Ein fordel med vinterbålet, er at det er enkelt å sløkke.

– Ein god regel er at om du kan leggje handa di oppå det, kan du gå frå det, seier Berg

Til toppen