SOPPEKSPERT: Long Litt Woon i Oslo- og omland sopp- og nyttevekstforening kan det som er verdt å vite om sopp og meiner det aldri er nødvendig å gå tomhendt heim frå sopptur. Foto: Axel Sandberg
SOPPEKSPERT: Long Litt Woon i Oslo- og omland sopp- og nyttevekstforening kan det som er verdt å vite om sopp og meiner det aldri er nødvendig å gå tomhendt heim frå sopptur. Foto: Axel Sandberg

Få opptur på sopptur

Vi jaktar høgt og lågt etter skogsgullet, kantarellen. Men på turen går vi forbi mange fullt eteleg og kanskje like gode soppartar.

Du treng slett ikkje vere soppekspert for å fylle soppkorga gong på gong.

– Dersom ein aukar kunnskapen berre litt, er det nesten uråd å gå tomhendt heim etter ein sopptur, seier Long Litt Woon i Oslo- og omland sopp- og nyttevekstforening.

MINDRE KJEND: Det finst mykje god matsopp som ikkje er kantarell. Her ser vi ein kamflugesopp.
MINDRE KJEND: Det finst mykje god matsopp som ikkje er kantarell. Her ser vi ein kamflugesopp.

For å streke under poenget tar ho meg med til eit nokså tilfeldig valt skogsområde utanfor Oslo. Etter eit par hundre meters gonge langs skogsvegen og inn på ein blåmerkt sti, skimtar vi ein einsleg sopp ved ein trestamme.

– Ein slørsopp. Du ser det på dei spindelvevsliknande trådane under hatten. Somme er dødsgiftige, og dei rundt 400 artane er vanskelege å skilje frå kvarandre for folk flest, så det klare rådet er å ikkje ete dei. Men ser du først ein sopp, er det som oftast fleire i nærleiken.

Røyrsoppen er trygg

Og i same stund som ho seier fram orda, trer den eine soppen etter den andre fram i synsfeltet. For ein som ikkje er så sikker på dei fem trygge – kantarell, piggsopp, matblekksopp, fåresopp og matriske – er det uråd å vite kor ein skal byrje å sjå etter kjenneteikn.

– All røyrsopp er etande, med unntak av éin – gallerøyrsoppen – som berre smaker vondt utan å vere giftig. Berre å vite dette utvidar sankemoglegheitene enormt, seier ho.

Vi passerer ein stor raud flugesopp, den kanskje mest kjende soppen i Noreg. Det er han på grunn av den sterke raude fargen og dei kvite flekkene og det faktumet at han er giftig.

– Visste du at det finst fleire etelege flugesoppar? Brun kamflugesopp for eksempel, forklarer Long, og jammen om ho ikkje ser ein slik like ved stien berre nokre meter lenger framme.

Artikkelen held fram under biletet.

BRUN KAMFLUGESOPP: Kjenneteiknet er den lange hole stilken med «strømpe» nedst, dessutan stripene på kanten av hatten. Den er også ringlaus.
BRUN KAMFLUGESOPP: Kjenneteiknet er den lange hole stilken med «strømpe» nedst, dessutan stripene på kanten av hatten. Den er også ringlaus.

– Dei er lysebrune, har ein lang, hol stilk som sit nedi ei «strømpe» eller ein «sokk». Og så har dei desse stripete teikningane på kanten av hatten, som altså liknar ein kam, seier ho og peikar med soppkniven.

Lettvint matauk

Med tanke på at det berre har gått ti minutt og vi berre er nokre titals meter inn i skogen, tenkjer eg at det ikkje er så farleg om dei fem sikre gøymer seg for oss i dag.

Like etter finn vi ein sopp som er nesten like stor som ein knyttneve.

– Raudskrubb, og denne er perfekt! Den tjukke stilken ser ut som han har skjeggstubbar, og når du skjer i det faste, kvite kjøttet, blir det danna litt blåfarge. Namnet er ein smule misvisande fordi hatten er meir oransjebrun enn raud, men har du først sett nøye på éin, er han nesten uråd å ta feil av. Og så er dette ein røyrsopp, og kva betyr det igjen? Jo, at du kan ete han, forklarer Long pedagogisk – vel å merke viss du varmebehandlar han godt.

Artikkelen held fram under biletet.

RAUDSKRUBB: Namnet er litt misvisande, da hatten ofte er meir oransje til raudbrun. Røyrsopprøyra er grå til gråkvite. Stilken har svarte skjel (ser ut som skjeggstubbar).
RAUDSKRUBB: Namnet er litt misvisande, da hatten ofte er meir oransje til raudbrun. Røyrsopprøyra er grå til gråkvite. Stilken har svarte skjel (ser ut som skjeggstubbar).

Traktkantarell og røyksopp er dei neste oppdagingane. Den førstnemnde ser litt ut som ein kantarell, men har gråbrun hatt og er meir «hengslete». Dette er ein svært god matsopp, men pass på, for det kan vekse ein spiss giftslørsopp eller to (Noregs giftigaste sopp!) i same klynga. Derfor er rådet å plukke traktkantarellane éin og éin. Traktkantarell har hol stilk, mens spiss giftslørsopp har solid stilk.

Sunt med sopp

Røyksoppen er spesiell ved at han ikkje har «hatt», men er rund og kvit, nesten som ein golfball. Skjer du i han og kjøttet er kvitt, er også dette ein god matsopp. Du må skrelle av det ytste laget før du steikjer han.

Artikkelen held fram under biletet.

RØYKSOPP: Dei ser ut som ein golfball eller eit egg. Kjøttet er kvitt dersom han eignar seg som mat. Yttarlaget skal skrellast av før forvellinga.
RØYKSOPP: Dei ser ut som ein golfball eller eit egg. Kjøttet er kvitt dersom han eignar seg som mat. Yttarlaget skal skrellast av før forvellinga.

– Sopp må alltid lagast til på den rette måten. Det er lurt å la dei steikje og fordampe ei stund i ei tørr panne før du har i smør og eventuelt salt og pepar. Sopp skal vere godt gjennomsteikt, forklarer Long, som sjølv et litt sopp nesten kvar dag i sesongen.

– Dei er rike på D-vitamin og inneheld mineral og sporstoff. Sopp er altså sunt! Men sopp kan òg vere vanskeleg å fordøye – sjølv når han ikkje er giftig. Derfor er det lurt å ikkje ete store mengder om gangen, seier ho.

Ver skråsikker

Alfa og omega når du plukkar sopp som du ikkje er 100 prosent sikker på, er å få fangsten kontrollert. Mange byar har før hatt gratis soppkontroll med ekspertar som er meir enn villige til å dele av kunnskapen sin. På grunn av problem med finansieringa er det no mindre av dette enn før. Sjekk likevel på nettet om det finst ein kontrollstasjon nær deg (som oftast i helgene og gjerne i samband med bondemarknadene).

– Ein veldig fin måte å utvide talet på soppartar ein kjenner på, er å bli med på dei organiserte turane til soppforeininga. Da får du samtidig kontrollert soppane du plukkar, seier Long.

Til toppen