FÅ PÅ VENT: Dei fleste studentane har greidd å skaffe seg hybel, seier samskipnadssjefen.
FÅ PÅ VENT: Dei fleste studentane har greidd å skaffe seg hybel, seier samskipnadssjefen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Få står i hybelkø i Sogndal: – Det kjennest veldig godt

Tidene med sovesalar, sofabomsing og telting er forbi.

Sogndal: Før helga stod det 27 studentar på ventelista til studentsamskipnaden i Sogndal. Det reelle talet er ganske sikkert lågare, fordi dei som finn seg hybel ikkje alltid er så kjappe til å melde frå om det.

Det er oppløftande, etter år med stort press på hybelmarknaden i bygda. 

– Det kjennest veldig godt, seier Monica Solheimsnes, regionsdirektør i Sogn og Fjordane for Saman, den nye studentsamskipnaden til Høgskulen på Vestlandet.

– Det viser at dei siste 150 studentbustadane me fekk i august i fjor har hjelpt på. Det gjer at dei private utleigarane har måtta justera prisnivået sitt og hyblane blir i betre stand. Så det er me veldig nøgde med, seier ho.

Til dei som likevel ikkje har funne ein plass å bu har Solheimsnes følgjande råd:

– Kom opp til oss. Om ikkje me har hybel, så skal me likevel prøva å hjelpa. Ikkje gå åleine og leit, seier ho.

Sjølv er ho nytilsett i sjefsstillinga, etter at forgjengaren Randi Marie Sjøholt gav seg ved nyttår. Sidan har samskipnadane på Vestlandet slått seg saman, som ei naturleg følgje av høgskulefusjonen. Utan at Solheimsnes trur studentane vil merke særleg utover det nye namnet.

– Det er først og fremst administrasjonen som har kjenne på dei store endringane.

Til toppen