BLINDSONE: Blindsona er større enn du trur. I ein test fekk Vegvesenet plass til 30 syklistar i blindsona til ein kassebil. Foto: Knut Opeide / Vegvesenet
BLINDSONE: Blindsona er større enn du trur. I ein test fekk Vegvesenet plass til 30 syklistar i blindsona til ein kassebil. Foto: Knut Opeide / Vegvesenet

Få syklistar og bilistar tenkjer på blindsona

Kvar femte dødsulykke på sykkel skjer i blindsona til ein bil. Gjennom kampanjen Del vegen vil Statens vegvesen no få både syklistar og bilistar til å bli meir medvitne om blindsona.

Indre Sogn: Berre tre av ti syklistar held seg alltid bak større bilar for å unngå blindsona, viser ei spørjeundersøking IUM/Norstat har gjort for Vegvesenet. Det er der dei bør vere om dei skal unngå å bli usynlege for sjåføren.

– Som syklist må du halde deg bak store bilar. Som bilist må du hugse blinklys. Dei fleste sykkelulykker skjer i kryss, i bynære strøk og i fullt dagslys, seier Signe Gunn Myre i Vegvesenet.

Nye bilar har betre speglar, men blindsona kjem alltid til å vere der, om ikkje akkurat der du trur ho er. Berre tre av ti sjåførar er medvitne om blindsona, ifølgje Vegvesenet. (©NPK)

Til toppen