– Faaberg-turneringa betyr mykje for dei yngste

Både ÅTIL og Jotun har lange tradisjonar for å reisa på Faaberg-turninga. I år var intet unntak.

Faaberg/Årdal: ÅTIL hadde med seg tre lag i klassane G10, G14 og J14, medan Jotun hadde med seg alle lag mellom 11 og 14 til turneringa som markerer slutten på sommarferien for ungane.

Ifølgje Frank Eldegard i Jotun og Oddgeir Dvergedal i ÅTIL er det gode grunnar til at dei to idrettslaga igjen og igjen tek turen til Lillehammer-området for å spela fotball.

Sjå bilete frå turneringa øvst i artikkelen (Foto: Merete Moen).

– Dette var ei kjempehelg. Det er utruleg kjekt, sosialt, og så hadde me det kjekt sportsleg også. Dette er ei turnering me alltid reiser på, og det er ein fin tradisjon, seier Eldegard og dreg fram at dei var heldige med vêret i år.

Alt på ein plass

Akkurat det påpeikar også Dvergedal og legg til:

– Det er eit stor anlegg der me ser alle banene og kan følgja eigen klubb frå fleire plassar. Ein får sett utruleg mange lag, og så er det ei billig turnering å delta på, fortel han.

Sportsleg gjekk det relativt bra med samtlege lag. J14-laget til ÅTIL tok seg blant anna til semifinalen i B-sluttspelet. Begge J14-laga til Jotun rauk i kvartfinalen i A-sluttspeley, medan G14-laget tok seg til semifinalen i A-sluttspelet.

Første turnering med overnatting

For dei yngste aldersklassane er det ikkje fokus på resultat og heller ingen sluttspel, og både på Jotun og ÅTIL vart det ei fin salig blanding av tap, siger og uavgjort. 

For dei yngste er dette kanskje ekstra spesielt, fortel Eldegard.

– Det betyr mykje for dei yngste. For dei er dette den første turneringa der dei får reisa vekk og ligga, så det er spennande, og dei stortrivst, seier han. 

– Det er viktig for dei fordi dette er eit tilbod dei skal ha, men også for apparatet rundt er det viktig at me har samling, der me er ilag og kan snakka saman utover den vanlege treningskvardagen. 

 

Til toppen