OPNA: Liv Signe Navarsete erklærte den nye fabrikken på Kaupanger for opna med ein tale på rim.
OPNA: Liv Signe Navarsete erklærte den nye fabrikken på Kaupanger for opna med ein tale på rim. (Foto: Linda Watten)

Nye fabrikken til Lerum offisielt opna: – No er alt samla under eit tak

Det var ein stor dag både for eigarar, tilsette, og frammøtte ved opninga av Lerum sin nye fabrikk på Kaupanger, der alt no er blitt samlokalisert.

Kaupanger: – I dag markerar me at me har bygd ny syltetøyfabrikk og kontor her på Kaupanger, og at me har samla all drift under eit tak i Sogn, seier Trine Lerum Hjellhaug.  

Ho fortel at fabrikken i Sogndal var effektiv, men at dei lenge har sett behovet for å oppgradera.

TALE: Trine Lerum Hjellhaug heldt ein lang og god tale om historia til Lerum, og vegen til den nye fabrikken. Foto: Linda Watten

– Me har prata om det i minst ti år, men etter å ha teikna fyrste utkast i 2008 såg me at me ikkje hadde musklar til å setta i gong der og då. Me la prosjektet i skuffa, heilt til Veidekke tok kontakt med oss i 2012.

Bustadtomtar i Sogndal og fabrikk på Kaupanger

I løpet av 2013 blei det løfta fram slik at Veidekke Eigedom blei med å utvikla tomta til Lerum i Sogndal, som no skal bli til nye bustadar, medan Veidekke Entrepenør bygde fabrikken på Kaupanger. 

– No har me fått 5.300 kvadratmeter med nytt areal, og samla golvareal er på 28.000 kvadratmeter, fortel Hjellhaug. 

Ho legg ikkje skjul på at ho er stolt over at Lerum fortsatt er 100 % familieeigd. 

SKULPTUR: Skulpturen av Nils og Kari Lerum frå Sørheim, der safteventyret starta. Kåre Lerum, intiativtakar, i front. Foto: Linda Watten

– Det er ikkje ofte det blir bygd nye fabrikkar i Noreg no, og eg er stolt av at me er ei bedrift som torer å satsa i ei tid der konkurransen i marknaden er ekstrem, seier Hjellhaug. 

– Eg har hatt mine mistankar om framtida

Ho fortel at beslutninga om fabrikkutbygging er blitt teken uavhengig av marknadsutsiktene. 

– Det har vore tøft, spesielt i ei tid der me har mista store avtalar med kundar. Eg skal innrømma at eg har hatt mine tankar om framtida, men me er godt opplærde.

Me gjer oss aldri! Me trur på det me driv med.

Trine Lerum Hjellhaug

Vidare fortel Hjellhaug at det er 25 år sidan fabrikken stod ferdig på Kaupanger. 

– Eg mistenkjer at Kåre tykkjer det har gått tregt med oss då me har bygd 1/3 av det arealet dei bygde, på lenger tid, seier ho og ler. 

Bestefar meinte at investeringa kom til å kosta over 200 millionar. Då blir det ikkje sa eg! Han fekk rett.

No er Hjellhaug positiv til Lerum si framtid. 

– Når eg ser resultatet her i dag gjev det meg stor tru. Det å få samla dei tilsette på ein fabrikk vil løfta oss, og den nye fabrikken vil gje auka konkurransekraft framover. No vil resultata bli betre. 

Ordføraren er positiv

Ordførar Jarle Aarvoll er òg positiv til at heile bedrifta no er samla under eit tak. 

ORDFØRAR: Jarle Aarvoll hadde berre godt å seia om Lerum. Foto: Linda Watten

– Dette er ein merkedag i bedrifta si historie og utvikling. Bedrifta er samlokalisert på Kaupanger, og eit langt bedriftsliv i Sogndal er over. 

Han har berre positive ting å seia om Lerum. 

– De er ei bedrift som leverar det beste av jus, saft, og syltetøy. Ein marknad som blir meir og meir krevjande, men de veit kvar de høyrer heima. De bidreg til både lag og organisasjonar i heile regionen, men òg viktige arbeidsplassar, seier Aarvoll. 

Liv Signe Navarsete avduka skulpturar 

Under opninga var det song frå Eva Weel Skram, før stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete heldt tale på rim.

AVDUKA: Liv Signe Navarsete avduka skulpturane av Nils og Kari saman med 6. generasjon Lerum. Foto: Linda Watten

Etterpå avduka Navarsete skulpturen utanfor fabrikken, til minne om Nils og Kari Lerum.

– Med det erklærer eg nye Lerum for open, sa Navarsete. 

Skulpturane er laga av Vidar Bratlund-Mæland og Arne Mæland, etter intiativ frå Kåre Lerum, og gode innspel frå systera hass, Gerd Kjellaug. 

 

Til toppen