HYDRO: Trass usikkerheit har Hydro i Høyanger levert plusstal i siste kvartal.
HYDRO: Trass usikkerheit har Hydro i Høyanger levert plusstal i siste kvartal. (Foto: Hydro)

Fabrikksjef åtvarar mot mørke skyer, men rosar dei tilsette etter plusstal

Fall i etterspurnaden påverkar resultatet til verket i Høyanger i andre kvartal. Frykt for auka nettariff kjem på toppen av uvissa skapt av koronakrisa.

Høyanger: Fabrikksjef Arne-Martin Kjærland oppsummerer andre kvartal som krevjande og prega av mykje usikkerheit. Det kjem fram i ei pressemelding.

– Som alle andre har me òg følgt nøye med på pandemien og innført ei rekkje smittevernstiltak. Samstundes som me har halde produksjonen gåande og blei vant til nye måtar å jobba på, så såg me at etterspurnaden etter aluminium falt drastisk. Då er det svært gledeleg å sjå at innsatsen frå dei tilsette for å redusere interne kostnadar, viser seg godt på resultatet. I tillegg har prisen på aluminium halde seg på et akseptabelt nivå, og kronekursen har bevega seg i vår favør, seier Kjærland.

Han ser likevel ikkje ein betydelig oppsving i etterspurnaden i den komande tida.

– Europeisk bilindustri, bygg og anlegg og andre marknader me leverer til har låg aktivitet etter ein lang periode med nedstengingar. Det merkast her hjå oss, og me har lågare ordreinngang i slutten av andre kvartal, seier Kjærland.

Utviklinga er svært bekymringsfull

Pandemien har ført til brått fall i etterspurnaden av aluminium frå dei norske aluminiumsverka. I tillegg har Statnett beslutta å ytterligare auka nettariffen for kraftforedlende industri, som frå 2022 vil gje ei ekstra rekning til Hydros aluminiumverk i Norge på meir enn 250 millionar kroner i året. Samanlikna med modellen i 2015-2018. Samstundes er EU i ferd med å vedta eit nytt rammeverk for CO2-kompensasjon for 2021-2030, som årleg kan gje dei norske verka auka kostnadar i milliardklassen, dersom Norge blir definert som ein eigen kraftregion.

– Kombinasjonen pandemi og negative rammevilkår som auka nettleige, samt mogleg bortfall av CO2-kompensasjon gjer at vår konkurransekraft blir svekka, og nye investeringar blir lagt på is. Den norske vasskrafta gir oss verdas beste utgangspunkt for produksjon av grønare aluminium som igjen bidreg i det grøne skiftet, seier Kjærland.

Vidare i pressemeldinga legg han til:

– Men utan gode og forutsigbare rammebetingelsar blir det vanskeleg å vera konkurransedyktige i ein global marknad. Utviklinga er svært bekymringsfull for Hydro Høyanger, lokalsamfunnet me er ein del av og norsk kraftforedlande industri. Norske politikararar må sørge for at CO2-kompensasjonsordninga videreførasr – og tilpassast Norge.

Donasjon og godt sikkerhetsarbeid

Trass eit kvartal der tilsette har vore tvungne til å jobba på nye måtar og endra rutiner for å begrensa smitte, har sikkerheita blitt godt ivareteken.

– Me har ingen skadar så langt i år, og eg er imponert over dei tilsette si evne til å alltid setja sikkerheit fyrst – sjølv under ekstraordinære omstendigheiter. Me fortset det gode sikkerheitsarbeidet med full styrke, sier Kjærland.

I mai donerte Hydro Høyanger 400 000 kroner til lokale idretts- og kulturformål. Ei gåve til frivillige organisasjonar som har erfart inntektssvikt, aktivitetssvikt og arrangementsvikt som følgje av koronaviruset.

– Mykje av dugnadsarbeidet, som for eksempel lokale idrettslag er avhengig av, blei plutseleg avlyst. Og me er glade for å kunne hjelpa til. Arbeidsgruppa har no fordelt pengane til mottakarane av donasjonen - som no kjem mange i Høyanger til gode, avslutter Kjærland.

Til toppen