YNSKJER Å SJÅ INFRASTRUKTUREN RUSTA OPP: Fabrikkjsefen til Norsun i Årdal, Steinar Talle, ynskjer at kommunen får til å oppgradera kaia i Vikadalen, slik at skyssbåtar ikkje lyt fara heilt frå Fodnes til Årdalstangen når det knip til. Han meiner òg det burde koma på plass att ei operativ ferjekai på Årdalstangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
YNSKJER Å SJÅ INFRASTRUKTUREN RUSTA OPP: Fabrikkjsefen til Norsun i Årdal, Steinar Talle, ynskjer at kommunen får til å oppgradera kaia i Vikadalen, slik at skyssbåtar ikkje lyt fara heilt frå Fodnes til Årdalstangen når det knip til. Han meiner òg det burde koma på plass att ei operativ ferjekai på Årdalstangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Fabrikksjefen: –Beredskapen i kommunen er ikkje god nok

Etterlyser at kommunen tek fleire førehandsreglar med tanke på at «dette raset var heilt garantert ikkje det siste». 

 Årdal: Fabrikksjefen til Norsun i Årdal, Steinar Talle, meiner den kommunale beredskapen i høve ras ikkje er god nok i Årdal. 

– Det burde vore ein ferjelem på Årdalstangen, slik at folk, varer og bilar kan koma seg fram sjølv om det har gått eit ras mellom Årdalstangen og Vikadalen. Her må kommunen få med seg fylkeskommunen på å få dette i stand. 

Bilferja til Årdalstangen vart avvikla då det kom bilveg mellom Fodnes og Årdalstangen på 1990-talet. 

Ynskjer ei oppgradert kai i Vikadalen som kan ta i mot skyssbåtar

I tillegg til å få oppgradert ferjekaien, meiner han òg at kommunen bør sjå på kva dei kan gjera for å få kaia i Vikadalen i høveleg stand til at skyssbåtar kan leggja til kai der.

Slik det er no er den eine delen av kaianlegget der i ustand, medan den andre delen er for grunn til at skyssbåtar kan gjera seg bruk av ho.  

– Hadde den kaia vore i stand kunne me fått ein skyttelbåt mellom Tangen og Vikadalen når ras stengjer vegen. 

Fabrikksjefen seier han er overtydd om at kommunen vil ta tak i dette og styrka beredskapen.

– Beredskapen i kommunen er ikkje god nok slik det er no. Ein ting er sikkert, det vil koma fleire ras på strekninga mellom Årdalstangen og Vikadalen, ettersom tunnelar er for korte og fleire vegstykke ligg utsette til. 

Skriftleg svar frå rådmannen 

IKKJE EIGDE AV KOMMUNEN: Rådmann Olve Fossedal viser til at kaiene i Vikadalen ikkje er i kommunal eige. Foto: Ole Ramshus Sælthun. 

– Eg veit ikkje kva Talle har sagt om dette men det er slik at dei kaiene eg kjenner til i Vikadalen ikkje er i ein stand som tilseier at dette er aktuelt. Dette har ordføraren kommentert tidlegare. I tillegg er dei ikkje i kommunen si eige og båtar på aktuell storleik kan ikkje legge til då det ikkje er djupt nok. Dersom kommunen skal «få til» ei kai i Vikadalen, må den i tilfelle prioriterast opp mot alle andre føremål kommunen skal ta ansvar for.

Når det gjeld ferjelem på Årdalstangen, meiner rådmannen at kommunen ikkje kan stå for det, i alle fall ikkje om fylkeskommunen og staten ikkje spyttar i midlar. 

– Steinar Talle står fritt til å meine det han vil også om dette. Kriseleiinga i kommunen vil evaluere handteringa av denne situasjonen etter at vegen opnar att og vil be fylkesmannen om eit møte for å drøfte kva som kan gjerast dersom ein tilsvarande situasjon skulle hende att. 

– Oppgradering av ferjelemmen på Tangen er eit sjølvsagt tema i eit slikt møte men det er etter mitt syn ikkje kommunen aleine som skal dekke kostnadene med ei «beredskapskai».  Her må staten og fylket også bidra dersom eit slikt tiltak skal kunne la seg gjennomføre.

Ordføraren positiv til at det kjem innspel 

Ordførar Arild Ingar Lægreid seier kommunen er glad for innspel og vil ta dei med i evalueringa som skal skje når vegen har opna att.

– Me får sjå kva for tiltak me kjem til å drøfta i ettertid.

Lægreid viser til at det må finnast midlar til det om ei slik ferjekai skal koma i stand. Han vil ikkje seia noko no om han trur det kan verta aktuelt frå kommunen si side å rusta opp kaia i Vikadalen. 

Til toppen