(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
ASVO OG ASPERHEIM GARD: Tilsette ved Asvo held produksjonsutsal (Bilde: Snorre Sandemose)

Fabrikkutsal og juletrehandel på torget

Mange årdøler sikra seg både juletreet og noko å legga under det, når ASVO Indre Sogn og Asperheim gard stelte til torgsal i Øvre Årdal.

Årdal: Mange fekk handla både tre og julegåver denne laurdagen. Asperheim gard selde juletre, medan ASVO Indre Sogn mellom anna selde drikkeflasker som dei har framstilt på fabrikken i Årdalstangen.

Indre Sogn ASVO er ei attføringsbedrift i Årdal, som mellom anna har skiltavdeling, syavdeling, trevareavdeling og vaskeri.

Asperheim gard planta dei første juletrefelta i 2013, men desse er først klare i om to-tre år. I mellomtida sel dei juletre dei har handla inn frå andre produsentar.

Øverst kan du sjå bileta frå den trivlege handledagen dei to stelte i stand saman.

Til toppen