Årdal: Den 8. februar tok oppvaskmaskina i huset til Steinar Drægni fyr. Han og kona sat i sofaen i stova etter å ha slege maskina på, då dei brått høyrde ein smell frå kjøkenet. Sekund seinare stod brytarpanelet til oppvaskmaskina deira i brann.

Drægni fortalde om opplevinga på Facebook, og åtvara andre mot å setja på elektriske apparat heime om dei ikkje er i hus. Samstundes oppmoda han Facebook-venene sine om å «gjerne dela» saka.
– Eg er veldig glad for at posten har vorte delt flittig og sett av mange. Det var det som var føremålet med å dela, ikkje det å få meg ny oppvaskmaskin. Eg tenkte førebyggjande.
Etter at Porten.no fyrst skreiv om hendinga og intervjua oppvaskmaskin-leverandøren, fekk nemleg Drægni ei ny oppvaskmaskin av produsenten. Det var ein produksjonsfeil på maskina hans.
– No har mange tusen lese saka, og då er det mogleg å tenkja seg at me har berga liv. Det er godt å tenkja på. Dette er førebyggjande arbeid som har fått ringverknader, seier Drægni.
«Aldri skal jeg gå fra oppvaskmaskin eller vaskemaskin mer», er døme på ein av mange kommentarar under posten, som tyder på at posten har hatt førebyggjande effekt.
Drægni er vant med å tenkje førebyggjande, gjennom alt arbeidet han har lagt ned i Årdal Tenk Tryggleik i ein «liten mannsalder». Her har han dedikert seg til førebyggjande arbeid for å hindra ulykker og uhell i bygda.
Professor har ikkje sett makan til facebook-farsott, kallar det oppsiktsvekkjande
Knut Lundby, professor i medium og kommunikasjon ved universitet i Oslo, forskar på sosiale medium.
– 1400 delingar er veldig mange. Eg har ikkje noko samanliknbart tal. Dette har verkeleg teke av og sirkulert rundt, seier Lundby til Porten.no.
Eksperten på sosiale medium seier han sjølv aldri har vore vitne til at ein post har vorte delt so mange gonger.
– Her er det noko som har fenga, seier professoren.
Han torer ikkje gissa kor mange personar som etter alle desse delingane har sett brannåtvaringa til Drægni.
– Mange har jo over tusen vener i dag. So det er klart at når ei sak vert delt vidare over tusen gonger, so har ho spreidd seg utover i nettverka, og då er det veldig mange som har sett posten. Då har han gått viralt som dei seier, og spreidd seg som ei virussmitte, seier professor Lundby.

Skal ein vera viss på at ein post når ut på veggen til alle dei som har vener som har delt saka, lyt ein betala for det.
Men at kunngjeringa til Drægni har nådd ut vide ikring i landet, meiner professoren er sikkert.
Nordfjording med endå større facebook-sensasjon i fjor, med 1760 delingar
Den 22. mars i fjor skreiv Bjarte Øygard frå Sandane eit innlegg på veggen sin som vart delt endå fleire gonger enn Drægni sitt.
Han hadde vore arbeidsufør ein periode på grunn av to skulderoperasjonar han hadde vore gjennom, og var mellombels sjukemeldt. Medan han vitja systera si på Hemsedal i vinterferien, la han ut eit bilete på Facebook av seg sjølv med ski under beina.
Ein facebookven varsla NAV om at Øygard stod på ski sjølv om han var sjukemeldt, og NAV tok det opp med han. Øygard sitt kraftige oppgjer med det han kalla for stigmatiserande haldningar mot sjuke, spreidde seg som eld i tørt gras på facebook. Øygard vart so invitert til å vera gjest i eit TV2-program etterpå.
Steinar Drægni har so langt ikkje vorte invitert i TV, men han har fått mange positive og engasjerte tilbakemeldingar i det lange kommentarfeltet under posten. Han har òg fått over 50 nye veneførespurnader frå landsmenn han ikkje kjenner!
– Dei har eg sletta, seier Drægni.