FÅDELTE SKULAR: – Trass i at det er mange fådelte skular i Noreg, er det å undervisa på slike skular nesten eit ikkje-tema i lærarutdanninga. Det er urovekkjande, meiner forskar Agneta Knutas. ​Foto: Ole Ramshus Sælthun.
FÅDELTE SKULAR: – Trass i at det er mange fådelte skular i Noreg, er det å undervisa på slike skular nesten eit ikkje-tema i lærarutdanninga. Det er urovekkjande, meiner forskar Agneta Knutas. ​Foto: Ole Ramshus Sælthun.

– Fådelte skular eit ikkje-tema i lærarutdanninga

– Trass i at det er mange fådelte skular i Noreg, er det å undervisa på slike skular nesten eit ikkje-tema i lærarutdanninga. Det er urovekkjande, meiner forskar Agneta Knutas. 

Knutas var ein av fleire forskarar som nyleg heldt innlegg på ein konferanse i Oslo om skulen si rolle i små lokalsamfunn. Det er eit tema ho har forska på i fleire år. 

 Til dagleg underviser ho på institutt for lærarutdanning ved NTNU, som er den største lærarutdanninga i Noreg. 

Ho peikar på at det finst mange små skular i Noreg der fleire trinn er slegne saman og går i same klasserom, men etterlyser ein politikk som legg til rette for korleis lærarane skal undervisa på slike skular.

– Eit nasjonalt problem

– Viss vi ser på læreplanar og kunnskapsmål finst det ingenting som indikerer at ein stor del av barna i Noreg går på fådelte skular. På lærarutdanninga ved NTNU har vi heller ingen kontraktar med fådelte skular når studentane skal ut i praksis. Vi har heller ikkje noko pensum eller noko undervisning om kva det betyr å arbeida i fådelt skular. Det er på ein måte eit ikkje-tema, seier Knutas. 

På konferansen i Oslo kom det fram at Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS) arbeider for å få lærarutdanningar i Noreg til å forstå at det finst pedagogiske spørsmål knytt til fådelte skular som trengst å setjast søkjelys på. Dette arbeidet har mellom anna ført til at masterstudentar ved lærarutdanninga i Tromsø skal få prøva seg i praksis på fådelte skular. 

Knutas meiner likevel det er eit nasjonalt problem. 

– I strid med viktige prinsipp

Slik ho ser det, er det manglande pedagogiske søkjelyset på fådelte skular urovekkjande og i strid med den nordiske modellen for utdanning.

Artikkelen held fram under biletet.

UROVEKKJANDE: - Når økonomiske spørsmål blir viktigare enn sosial rettferd og likeverd, er det grunn til uro, meiner forskar Agneta Knutas. Ho synest det er urovekkjande at rundt femti skular blir lagt ned i Noreg kvart år og at det å undervisa på fådelte skular ikkje er tema i lærarutdanninga.
UROVEKKJANDE: - Når økonomiske spørsmål blir viktigare enn sosial rettferd og likeverd, er det grunn til uro, meiner forskar Agneta Knutas. Ho synest det er urovekkjande at rundt femti skular blir lagt ned i Noreg kvart år og at det å undervisa på fådelte skular ikkje er tema i lærarutdanninga.

– Den nordiske modellen legg vekt på sosial rettferd som noko grunnleggjande. Alle skal ha rett til likeverdig utdanning uansett kor dei bur. Med nedlegginga av rundt femti skular i Noreg kvart år, ser det ut som om økonomiske spørsmål kjem før sosial rettferd og likeverd. Det er sjølvsagt urovekkjande, seier Knutas som sjølv er frå Sverige. 

Fryktar bygda kjem dårlegare ut

Det som uroar henne mest er at ungane som veks opp på bygda skal koma dårlegare ut enn barn som veks opp på større stader. Ho viser mellom anna til ein rapport frå Nordlandsforsking om skulesentralisering og skuleskyss. 

-Rapporten viser at barn som under oppveksten må sitja på buss kvar dag har fysisk ubehag av skyssen. Det er også indikasjonar på høgare frekvens av overvekt hos elvar med skuleskyss, seier ho.

Skuleforskaren strekar under at tanken med sosial rettferd er at utdanning skal byggja på eit likeverdsprinsipp, og ikkje økonomi. Slik har det også vore lenge i Noreg, meiner ho. Ho viser til at den norske staten har støtta små kommunar og lokalt forankra skular til godt innpå 1990-talet. No har dette endra seg, meiner Knutas.

 – Med forandra styring av utdanning frå statleg ansvar til fylke og kommune der økonomiske spørsmål no blir prioriterte, har kommunane ikkje høve til å følgja opp den nordiske velferdsmodellen om sosial rettferd og likeverd, seier ho. 

Må på dagsorden

– Kva konsekvensar synest du det bør få?

– Eg tenkjer at denne saka bør på dagsorden på nasjonalt nivå. Når økonomiske spørsmål kjem før sosial rettferd og likeverd, bør det koma opp eit bekymringsspørsmål. Utdanning er trass alt framtida vår, seier Agneta Knutas.  (©NPK)

Til toppen