Færre: NAV Årdal kan gle seg over færre arbeidsledige. Illustrasjonsfoto
Færre: NAV Årdal kan gle seg over færre arbeidsledige. Illustrasjonsfoto

Færre arbeidsledige i Årdal

..men trenden er motsett for Lærdal og Sogndal.

Årdal/Sogndal/Lærdal/Aurland: Tala for arbeidsledige i juni er klare, og syner ein positiv trend for Årdal; det er 12 færre heilt arbeidsledige i høve i fjor. For Sogndal og Lærdal er det motsett, sjølv om tala ikkje er veldig store; tre fleire arbeidsledige i Lærdal og fire fleire i Sogndal. Aurland har inga endring i høve i fjor.

 – Går svært bra for næringslivet i fylket

For både Sogn og Fjordane og heile landet er trenden positiv - 134 færre heilt arbeidsledige i fylket og 700 færre i heile landet.

– Mykje av nedgangen i arbeidsløysa skuldast at vi har fleire i tiltak enn på same tid i fjor og at det er færre permitterte. Det overordna biletet er likevel at det går svært bra for næringslivet i fylket. Det ser vi mellom anna på at dei fleste næringar har ein reduksjon i arbeidsløysa. Det er særleg positivt at utviklinga innan viktige næringar som industri og bygg og anlegg er god, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes på NAV Sogn og Fjordane sine heimesider.

Prosentmessig har Lærdal no den største arbeidsløysa blant dei åtte kommunane i Indre Sogn. Her er 1,9 prosent heilt arbeidsledige, og Lærdal var også kommunen med nest størst prosentmessig auke i arbeidsløyse i Indre Sogn i høve i fjor - berre Leikanger hadde større oppgang i arbeidsløyse. For Årdal sitt vedkomande er 0,9% heilt arbeidsledige, i Sogndal 1,2% og Aurland 0,8%. Så det er i alle høve snakk om små tal.

 

Til toppen