Indre Sogn: Til samanlikning søkte 4619 personar asyl i Noreg dei første seks månadane i fjor. Prognosane for resten av året er nyleg sett ned frå 25.000 til 10.750, skriv UDI i ei pressemelding.
Dei fleste av asylsøkjarane kjem frå Syria og Afghanistan. Dei låge ankomsttala gjer at UDI i juni vedtok å avvikle alle opsjons- og tilleggsavtalar. Flytting av asylsøkjarar mellom ulike mottak pågår no for fullt.
- Les også: Mindre behov for nye asylmottak
I region vest skal 660 mottaksplassar avviklast innan 1. september.
Også anbodskonkurransen om drifta av 600 nye mottaksplassar for einslege mindreårige vart avvikla i mai. Dette førte mellom anna til at det ikkje vart noko av mottaksplanane på Borgund.
- Les også: Omdiskutert brakkerigg vert seld
Totalt skal 1.129 einslege mindreårige-plassar i landet avviklast. I region vest er mottaka Vadheim EM og Sogndal EM i Sogn og Fjordane allereie under avvikling, medan Skei EM skal ned til 30 bebuarar.