LITE BEKYMRA: Færre nordmenn er bekymra for endringar i bustadprisane enn for eitt år sidan, viser ei undersøking TNS Gallup har utført for Nordea. Foto: Skjermdump/Finn.no.​
LITE BEKYMRA: Færre nordmenn er bekymra for endringar i bustadprisane enn for eitt år sidan, viser ei undersøking TNS Gallup har utført for Nordea. Foto: Skjermdump/Finn.no.​

Færre bekymrar seg for bustadprisane

Færre nordmenn er bekymra for endringar i bustadprisane enn for eitt år sidan, viser ei undersøking TNS Gallup har utført for Nordea.

Årdal/Lærdal: Medan 16 prosent svarer at dei er bekymra for auka bustadprisar, svarer 9 prosent at dei er bekymra for at prisane skal gå ned i året som kjem. Tilsvarande tal var høvesvis 24 og 12 prosent for eitt år sidan.

– Det er noko overraskande. Sjølv om oljenedtur og høgare arbeidsløyse kan leggje ein dempar på bustadprisveksten, vet ein at låge renter og rentekutt er som brensel for bustadprisane, seier forbrukarøkonom Elin Reitan i Nordea.

1.026 personar mellom 18 og 65 år deltok i undersøkinga, som blei utført i månadsskiftet november-desember i fjor.

70 prosent svarer at dei ikkje er bekymra for stigande bustadprisar og 72 prosent svarer det same på spørsmål om fallande bustadprisar.

– Trass i at det er lite som tyder på at bustadprisane kjem til å falle drastisk i tida framover, vet ein ikkje sikkert når bustadprisutviklinga kan snu. Eg anbefaler nordmenn å vere litt føre var og unngå å falle for freistinga ved å tappe bustaden for eigenkapital, seier Reitan. (©NPK)

Til toppen