FÆRRE MISTAR LIVET: Ferske tal frå Trygg Trafikk viser at 26 personar har mista livet i trafikken i Noreg frå november til februar mot 46 i same periode året før. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon).
FÆRRE MISTAR LIVET: Ferske tal frå Trygg Trafikk viser at 26 personar har mista livet i trafikken i Noreg frå november til februar mot 46 i same periode året før. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon).

Færre døyr i norsk vintertrafikk

Ferske tal frå Trygg Trafikk viser at 26 personar har mista livet i trafikken i Noreg frå november til februar mot 46 i same periode året før.

Fylket: I februar omkom seks personar på norske vegar. Av desse var fire kvinner og to menn. Det er ein nedgang frå februar i fjor då ti personar mista livet.

– Totalt sett har vi dei siste fire månadene opplevd ei nærmare halvering i talet på omkomne samanlikna med same periode i fjor, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk.

Han minner om at det er små marginar som bestemmer utfallet av ei trafikkulykke.

– Tala på skadde og omkomne varierer frå år til år og månad til månad. Fire månader er kort tid, og det som ser ut som ein god start på året, kan endre seg raskt, seier Johansen.

Vêret påverkar køyreforholda og Johansen ber trafikantar om å ta det med ro.

– Vi minner om at det er skiftande føre og krevjande køyreforhold også i mars. Dei fleste er flinke til å legge inn sikkerheitsmarginar i trafikken, og det synest eg dei skal fortsette med. Hugs at bremselengda blir dobla på vinterføre. Dekktilstanden er like viktige på bil og sykkel, som skosolar på glatt føre, seier Johansen.

(©NPK)

Til toppen