HELD FARTSGRENSA: Stadig fleire av oss held fartsgrensa og køyrer etter forholda. Det er blant dei viktigaste grunnane til at færre døyr i trafikken enn før, seier Guro Ranes i Statens vegvesen. Foto: Knut Opeide
HELD FARTSGRENSA: Stadig fleire av oss held fartsgrensa og køyrer etter forholda. Det er blant dei viktigaste grunnane til at færre døyr i trafikken enn før, seier Guro Ranes i Statens vegvesen. Foto: Knut Opeide

Færre døyr i trafikken

Det er færre omkomne i trafikken i år samanlikna med same tidsrom i fjor, melder Statens vegvesen. 

  • Endret


Dei seks første månadene i år mista 53 menneske livet i trafikken her heime. Det er 22 færre enn i det same tidsrommet i fjor. Av dei 53 omkomne var det 43 menn og 10 kvinner. Dei fleste var i alderen 25– 44 år eller eldre. Ulykkene som tok flest liv, var møteulykker og utforkøyringar.


Ifølgje Statens vegvesen er det fleire eldre som døyr i trafikken enn før.


– Vi har lenge snakka om «eldrebølgja» i trafikken. Dei stadig fleire og meir aktive pensjonistane er òg aktive i trafikken. Men jo eldre vi blir, jo mindre toler kroppane våre. Dette kan absolutt gi utslag på ulykkesstatistikken. Samtidig har dei unge vorte mindre aktive enn før, og mange unge ventar lenge før dei tar førarkortet, seier Ranes.


Samtidig har det vorte fleire ulykker i tettbygde strøk. Om lag 20 prosent av ulykkene har skjedd i tettbygde område.


– Dette er ein tendens vi ikkje har sett før, men som vi må følgje med på, seier Ranes.


Sjølv om det er færre omkomne i trafikken den første seksmånadersperioden i år enn det var i fjor, har talet på omkomne motorsyklistar auka. Frå april til juni i år var det 12 motorsyklistar som omkom i trafikken. Det er 2 fleire enn i same perioden i fjor.


I heile 2014 var det 821 drepne og hardt skadde i trafikken. Av desse omkom 147.


Skru av varslinga


Om du skal til utlandet i sommar kan du bryte lova utan å vere klar over det. Mange nye bilar har nemleg fotoboksvarslarar bygde inn i navigasjonssystemet, og i fleire land er det forbod mot å bruke denne typen varsling.

ULOVLEG: I fleire land er det ulovleg å bruke utstyr som varslar om fotoboksar. Gjer du det, kan det koste deg dyrt.
ULOVLEG: I fleire land er det ulovleg å bruke utstyr som varslar om fotoboksar. Gjer du det, kan det koste deg dyrt.


Blant anna har Sveits og Liechtenstein totalforbod mot alle typar av fotoboksvarslarar. I Tyskland og fleire andre land er det forbod mot å bruke radarvarslarar.


– Konsekvensane kan bli store bøter om du ikkje fjernar utstyret eller deaktiverer funksjonen som varslar om fotoboksar. I verste fall kan du få ei bot på 1500 euro, seier utanlandssjef Jens Gravdal i If. 
 

Til toppen