Aurland: Det fortel Hallingdølen. Nordfjella villreinområde omfattar dei seks kommunane Aurland, Lærdal, Hemsedal, Hol, Ål og Ulvik.
Avisa fortel at jegerane i Aurland fekk det beste utbytte av jakta med 116 felte dyr. I Hol, Hemsedal og Ål var det nesten ingen rein gjennom heile jakta. Samjaktavtalar med andre kommunar gjorde likevel at reinsdyrjakta ikkje var heilt resultatlaus for jegerane i desse kommunane.
Ifølgje Hallingdølen kjem rundt 20 prosent av fellinga i år frå samjakt. Lærdal var den mest besøkte kommunen. Der blei det felt 48 reinsdyr av jegerar med kort i andre kommunar. (©NPK)