FÆRRE ROBEK-KOMMUNAR: Talet på kommunar på den økonomiske svartelista, kalla Robek-lista, ligg an til å bli rekordlågt i 2017. Det har gått ned frå 45 i fjor til om lag 30 i år. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Færre kommunar på Robek-lista enn nokosinne

Talet på kommunar på den økonomiske svartelista, kalla Robek-lista, ligg an til å bli rekordlågt i 2017. Det har gått ned frå 45 i fjor til om lag 30 i år.

Årdal: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) seier til NRK P1 at det er all mogleg grunn til å glede seg over det låge talet.

– Kommuneøkonomien er no sunnare og sterkare etter fire år med Høgre og borgarleg styre enn det det var etter åtte år med raudgrønt styre. Kommunane har hatt ein sterkare vekst i inntektene og kommunane har styrt økonomien godt.

Ein kommune som ligg på Robek-lista må ha godkjenning frå staten for budsjettet, for ta opp lån og inngå leigeavtalar. I år ligg det an til at talet på kommunar på lista vil falle frå 45 til om lag 30. Det er det lågaste som nokon gong har blitt registrert.

Både Årdal og Lærdal kom seg ut frå lista for relativt kort tid sidan.

(©NPK)

Til toppen