FÆRRE KONKURS: I alt 26 gardar i Noreg gjekk konkurs i fjor. Det er det lågaste talet sidan 2008.​ Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
FÆRRE KONKURS: I alt 26 gardar i Noreg gjekk konkurs i fjor. Det er det lågaste talet sidan 2008.​ Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Færre konkursar i norsk jordbruk

I alt 26 gardar i Noreg gjekk konkurs i fjor. Det er det lågaste talet sidan 2008.

Lærdal: Berre sidan 2011 har talet på konkurserklærte gardar i Noreg gått ned med 47 prosent, viser tal frå kredittselskapet Experian ifølgje Nationen.

– Utviklinga viser at dei fleste bøndene driv sunt økonomisk og har god styring, seier Morten Malmin, banksjef for landbruk i SR-Bank.

Malmin peiker på ulike årsaker til utviklinga: Fjoråret var eit bra år for avlingane av grovfôr. I tillegg fekk dei største produsentane, som tidlegare var mest konkursutsette, den største utteljinga i både volum og tilskot etter jordbruksavtalen i 2014. Økonomien har også blitt betre på grunn av ein lengre periode med høgare matprisar og auka subsidiar til landbruket.

Økonomien i norsk jordbruk er likevel utsett. Delen bønder med gjeld er rekordhøg, og den samla gjelda i norsk jordbruk er på sitt høgste sidan Statistisk sentralbyrå begynte sine registreringar i 1999, ifølgje avisa. (©NPK)

Til toppen