MINDRE RÅKØYRING: Trafikkoordinator Trond Hatlenes hos politiet i Sogn og Fjordane trur nedgangen kjem av at bilistane har begynt å forstå prinsippet bak målingane. Foto: Flickr/Kjell Jøran Hansen
MINDRE RÅKØYRING: Trafikkoordinator Trond Hatlenes hos politiet i Sogn og Fjordane trur nedgangen kjem av at bilistane har begynt å forstå prinsippet bak målingane. Foto: Flickr/Kjell Jøran Hansen

Færre råkøyrer i Lærdalstunnelen

Etter nokre år med strekningsmåling i Lærdalstunnelen, er det færre som blir tekne for å køyre for fort. Politiet trur folk har begynt å forstå prinsippet.

Lærdal: Den lengste vegtunnelen i verda fekk strekningsmåling i 2013, skriv Bergens Tidende. To kamera med nesten ti mils mellomrom registrerer bilistane og reknar ut farten, og så kjem førelegget i posten til dei som ikkje har halde 80-grensa gjennom fjellet.

Det første året med gjennomsnittsmåling vart det registrert 677 brot. Det resulterte i 212 førelegg, av dei vart 169 vedtatt, i tillegg til åtte inndratte førarkort. I fjor var det berre 144 brot, 59 førelegg – 48 av dei vart vedtatt – og to førarkortbeslag.

Trafikkoordinator Trond Hatlenes hos politiet i Sogn og Fjordane trur nedgangen kjem av at bilistane har begynt å forstå prinsippet bak målingane.

–  Det er i alle fall min meining, sjølv om det ikkje er nærmare undersøkt, seier Hatlenes. Og uansett kva nedgangen kjem av, så er den gledeleg for politiet.

–  Vi er godt fornøgd med at farten går ned på prioriterte strekningar.

(©NPK)

Til toppen