NEDGANG: Både i Buskerud, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det ein nedgang i erstatningssøknadar for tap av sauer og lam. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
NEDGANG: Både i Buskerud, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det ein nedgang i erstatningssøknadar for tap av sauer og lam. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Færre sauer tekne av rovdyr

For andre år på rad er det ein klar nedgang både i talet på søknadar om rovvilterstatning og i talet på sau og lam som er meldt tapt.

Førebelse tal viser at det er ein klar nedgang i talet på søknadar, frå omtrent 1.700 søknadar i 2014 til omtrent 1.400 i 2015, ein nedgang på 18 prosent, melder Miljødirektoratet.

Tala viser at dei som har søkt om erstatning samla har tapt i underkant av 8.000 vaksne og 32.500 lam i 2015. Dette er ein nedgang på høvesvis 3 og 13 prosent. Nedgangen i talet på tapte dyr gjeld for dei aller fleste fylka.

Særleg er det ein markant nedgang i Buskerud, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Eit unntak er Nord-Trøndelag der det er ein auke i tap av både sauer og lam. Forklaringa er høgare aktivitet frå bjørn enn i fjor.

Oppland er framleis fylket med flest erstatningssøknadar, men også her er lammetapet redusert frå 2014 til 2015. Her er det jerv som er den viktigaste årsaka til rovviltskade.

(©NPK)

Til toppen