SAUESANKING: Tidlegare sauesanking i område der jerven har prioritet kan få redusere skadane på sau, meiner Miljødirektoratet. Illustrasjonsfoto: Inger R. Kristiansen / NPK.
SAUESANKING: Tidlegare sauesanking i område der jerven har prioritet kan få redusere skadane på sau, meiner Miljødirektoratet. Illustrasjonsfoto: Inger R. Kristiansen / NPK.

– Færre skadar med tidleg sauesanking

Nær halvparten av skadane jerv påfører sau, blir påvist etter 1. september. Tidlegare sauesanking i område der jerven har prioritet kan redusere tapa, meiner Miljødirektoratet.

Årdal/Lærdal: Statistikk fortel at åtte av ti skadar frå jerv blir påvist frå 1. august og ut året. Nær halvparten skjer etter. 1. september, fortel Miljødirektoratet på eigen nettstad.

– Jerven et både åtsel og drep byttet sjølv. Samtidig ligg det i åtferda at han hamstrar, og utover hausten gøymer jerven mat på ulike stader for å kunne bruke om vinteren. Dette er nok hovudårsaka til at vi ser ein betydeleg auke i jerveskadar på hausten, seier direktør Pål Prestrud i SNO.

Les også: Færre sauer tekne av rovdyr

At mange går på jakt og sauesanking i terrenget om hausten, kan òg gjere at ein større del døde sauer og lam blir funne då, viser direktoratet til.

– Mindre tap

Ei todelt målsetjing frå Stortinget seier at Noreg både skal oppnå bestandsmåla for rovviltartane og samtidig halde skadar på husdyr og tamrein på eit så lågt nivå som mogleg. Å halde oppe ei tydeleg soneforvaltning er eit viktig verkemiddel her, peiker Miljødirektoratet på. Direktoratet viser til at målsetjinga om soneforvaltning er gjort tydelegare i Stortingets rovviltforlik frå 2011, og at det blir gjort klart at beitenæringa skal tilpasse seg førekomsten av rovvilt i områda der rovvilt har prioritet.

Les også: Ein god beitesesong gir han grunn til å smila

– Å sanke sauen tidlegare frå utmarksbeite i område der jerven har prioritet vil i så måte vere eit tiltak som kan bidra til å redusere tapa betydeleg, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Miljødirektoratet. (©NPK)

Til toppen