Indre Sogn: Fredag la Statistisk sentralbyrå ut statistikk over folkemengda slik han var 1. januar 2018.
Tala er lite lystig lesnad for dei fleste kommunane i Indre Sogn. Sjå tabell nedst i saka.
Berre i Sogndal og Luster aukar folketalet meir enn landssnittet på 0,7 prosent. Leikanger veks òg så vidt, medan det har blitt færre folk i resten av kommunane i Indre Sogn. Nedgangen er størst i Vik, Balestrand og Årdal, mellom 1,6 og 2,0 prosent.
Held trenden fram vil Luster ganske snart passera Årdal som nest største kommune i Sogn.
Legg me saman tala for alle kommunane, vert det klart at me er knapt litt fleire sogningar enn 1. januar i fjor, nemleg 28 personar. Det er ein auke på 0,1 prosent.
I Sogn og Fjordane minka folketalet med 33 personar, ned 0,03 prosent.
I Norge vaks folketalet med 37 300 personar i 2017 og nådde tett opptil 5,3 millionar. Veksten på 0,7 prosent er likevel den svakaste sidan 2005.
Stad | Folketal 2017 | 2018 | Endring i % |
Vik | 2722 | 2674 | -1,8 |
Balestrand | 1288 | 1262 | -2,0 |
Leikanger | 2332 | 2345 | 0,6 |
Sogndal | 7941 | 8059 | 1,5 |
Aurland | 1787 | 1778 | -0,5 |
Lærdal | 2159 | 2153 | -0,3 |
Årdal | 5363 | 5277 | -1,6 |
Luster | 5151 | 5223 | 1,4 |
Heile Indre Sogn | 28 743 | 28 771 | 0,1 |
Sogn og Fjordane | 110 266 | 110 230 | 0,0 |