FÆRRE ULYKKER: Talet på trafikkulykker i sommar er så langt vesentleg lågare enn både i fjor og tidlegare år.​
FÆRRE ULYKKER: Talet på trafikkulykker i sommar er så langt vesentleg lågare enn både i fjor og tidlegare år.​ (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Færre ulykker i sommartrafikken

Talet på trafikkulykker i sommar er så langt vesentleg lågare enn både i fjor og tidlegare år.

Sogn: – Juli er ein verstingmånad når det gjeld dødsulykker i trafikken, og i fjor hadde vi ein forferdeleg start med elleve døde dei ti første dagane, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Så langt i juli har to mista livet i trafikken, seinast i ein frontkollisjon i Lærdalstunnelen søndag.

– Eg kan ikkje hugsa at vi har hatt så få drepne halvvegs inn i sommaren som vi har i år, og eg håpar den positive utviklinga held fram, seier Ranes.

I juni mista tolv personar livet i trafikken mot femten i fjor. Til saman har altså fjorten personar mist livet i sommartrafikken så langt. På same tid i fjor var talet 26.

Dei siste åra har rundt ein tredel av dødsulykkene i trafikken skjedd i juni, juli og august. Motorsyklistar er mest utsette.

– Frå midten av april til midten av oktober utgjer motorsyklistane ein tredel av alle omkomne i trafikken, seier Ranes.

Det beste rådet hennar for å unngå ulykker er å ta seg tid og halda fartsgrensene.

(©NPK)

Til toppen