FÆRRE: Reinjegerane felte færre villrein i jakta i år enn i fjor. Her ein flokk ved Åklinut på Blefjell i Buskerud. Foto: Arnstein Rønning/Wikimedia.
FÆRRE: Reinjegerane felte færre villrein i jakta i år enn i fjor. Her ein flokk ved Åklinut på Blefjell i Buskerud. Foto: Arnstein Rønning/Wikimedia. (Foto: Arkiv)

Færre villrein felt i jakta

Til saman 6.509 villrein vart felte i villreinjakta i år. Det er nesten 1.500 færre enn i fjor og under ein tredel av den samla jaktkvoten.

Årdal/Lærdal: Den største nedgangen kom i det største av villreinområda, Hardangervidda, der det i år vart felt 1.682 dyr, mot 2.588 i fjor.

Fellingstala var elles lågare enn i fjor i 14 av dei 23 villreinområda i Noreg. I to av dei vart det ikkje felt dyr i det heile.

– Vi ser ein klar nedgang i sjølve jaktuttaket samanlikna med i fjor, og det kan det vere ulike årsaker til. Vêrforholda påverkar jaktlysta, og kor enkelt det er å oppdage dyr, men òg kvar villreinen held seg. Visse jaktområde kan dermed knapt ha besøk av rein, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Miljødirektoratet.

Fellinga minka elles i mange av dei større uttaksområda Snøhetta, Ottadals-området, Forelhogna, Nordfjella, Rondane og Setesdal– Austhei, men auka i Knutshø, Sølnkletten, Fjellheimen og Setesdal– Ryfylke.

Setesdal– Ryfylke – det nest største villreinområdet – hadde den største auken i talet på felte villrein i år. Der vart det felt 412 dyr, mot 347 i 2014. (©NPK)

Til toppen