LÆRERIKT: Rundt 50-60 personar var samla til fagdag ved vassverket i Lærdal i regi av ÅLA-prosjektet «Sau og utmark». Foto: Jan Christian Jerving.
LÆRERIKT: Rundt 50-60 personar var samla til fagdag ved vassverket i Lærdal i regi av ÅLA-prosjektet «Sau og utmark». Foto: Jan Christian Jerving.

Fagdag om sauebeite

Laurdag inviterte prosjekt «Sau og utmark» til fagdag i Lærdal. 

– Me er veldig godt nøgde med opplegget, seier landsbrukssjef Magnhild Aspevik og prosjektleiar Håvard Øyrehagen.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom ÅLA-kommunane, og i solskinet var fleire aktørar frå byggebransjen og tilbydarar av innreiing til sau vera til stades for å gi deltakarar gode råd og tips til dei som driv med sau.

NØGD: Grunneigar Olav Vestrheim likte opplegget.
NØGD: Grunneigar Olav Vestrheim likte opplegget.

– Opplegget her var kjempeflott, seier Olav Vestrheim, ein av grunneigarane som hadde skogbruksinstruktør Arnt Laukeland oppe i skogen sin saman med om lag 40 andre.

Eit viktig tema denne dagen var rydding av beite og stell av ungskog. Det inneberer å finna det rette tidspunktet for å regulere skogen, kor mykje som skal stå att per dekar og kor om kvisting der stammen skal vera kvistfri opp til fire meter.

På plassen oppe ved vassverket var fleire utstillarar innan landsbruket samla, blant anna den lokale verksemda Meto Pro med dagleg leiar Kjell Olav Cock. 

– Me kan formidle alt frå idé til ferdig løysing, komplett teiknsett. Hovudarbeidet vårt er innan bygg, men me tek på oss andre oppdrag også, seier han.

Elles var det verksemder frå Gaupne, Kaupanger og Voss til stades. 

Artikkelen held fram under biletet.

SAMLA: Mange aktørar i landbruket var samla for å fortelja om sine tenester.
SAMLA: Mange aktørar i landbruket var samla for å fortelja om sine tenester.

– Me er her for å visa det me har, og me leverer det folk ønskjer, seier Ivar Eilev Refsdal i Sogneprodukter, som har mykje produkt innan landbruk som innreiing til husdyr, strekkmetall til sau og rister. 

Utanom desse aktørane frå næringslivet var også Norsk landbruksrådgjevning til stades for å tilby hjelp innan gjødselsplan, produksjon og miljømiddel. 

Om lag 50-60 personar fann vegen til vassverket denne dagen.

Til toppen