KREV RASK RESPONS: Leiar Frode Alfheim i Industri Energi meiner styresmaktene må på bana for å redda norsk eksportindustri.
KREV RASK RESPONS: Leiar Frode Alfheim i Industri Energi meiner styresmaktene må på bana for å redda norsk eksportindustri. (Foto: Jan Richard Kjelstrup/ASD)

Fagforbund-topp: – Trengst kraftigare tiltak for å redda industrien gjennom denne krevande tida

Leiar Frode Alfheim i Industri Energi er uroa for framtida til eksportindustrien etter koronakrisa, og etterlyser at norske styresmakter kjem på bana.

Årdal: Torsdag kveld sende Hydro ut ei børsmelding for å opplysa at dei tek ei rekkje omfattande grep for å møta koronakrisa, mellom anna mellombelse oppseiingar og permitteringar, og frysing av investeringar.

Konsernsjef Hilde Merete Aasheim opplyste samstundes at Hydro vil vurdera andre tiltak i takt med at situasjonen utviklar seg.

Fagforbundet Industri Energi krev no at styresmaktene kjem raskt på bana, i første omgang ved å kutta i nettleige og auka CO2-kompensasjonen.

– Truleg trengst det enno kraftigare tiltak for å redda industrien gjennom denne krevande tida, seier leiar Frode Alfheim i Industri Energi til eigne nettsider.

Ønskjer ministermøte

Med sine 56 000 medlemmar er Industri Energi det fjerde største fagforbundet i LO. Mellom anna høyrer Årdal Kjemiske Fagforening inn under denne paraplyen.

Alfheim åtvarer mot å stenga ned aluminiumsverk i Norge, fordi det får så dramatiske følgjer og er så vanskeleg å starta opp att. Fagforbundet har sendt brev til næringsminister Iselin Nybø (V) og bedt om eit snarleg møte.


 
 

Til toppen