Lærdal: Under Fagforbundet sitt styremøte tysdag vart det bestemt at dei vil bidra med 10.000 kroner til spleiselaget for å få MR-maskin til Lærdal sjukehus.
– No oppfordrar og utfordrar me andre arbeidstakarorganisasjonar i Indre Sogn til å bidra også, seier Jan Steinar Hole frå Fagforbundet i Lærdal
Sogn regionråd har tidlegare oppfordra alle kommunane i Indre Sogn til å ta del i finansieringa av ei MR-maskin til sjukehuset i Lærdal. Prislappen på maskina er på totalt 10 millionar kroner.
Årdal kommune har tidlegare sagt at dei er villige til å gå inn med 800.000 kroner for å få på plass ei MR-maskin i Lærdal.
Rett før helga, bestemte også Sogndal helselag seg for å gje 100.000 kroner til ei ny MR-maskin ved Lærdal sjukehus.
Rådmannen i Sogndal vil også rå til at kommunen løyver 800 000,- til innkjøp av MR-maskin.