OFFENTLEGE OPPGÅVER: Ei faggruppe kjem med forslag om ny oppgåvedeling i fylkeskommune og kommunane i Sogn og Fjordane. Saka skal opp til politisk handsaming mot slutten av 2015. Foto barn på bibliotek: Alexander Klanderud. Resterande foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
OFFENTLEGE OPPGÅVER: Ei faggruppe kjem med forslag om ny oppgåvedeling i fylkeskommune og kommunane i Sogn og Fjordane. Saka skal opp til politisk handsaming mot slutten av 2015. Foto barn på bibliotek: Alexander Klanderud. Resterande foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Faggruppe foreslår ny oppgåvedeling i fylket

Ei faggruppe under leiinga av fylkesrådmannen kjem med forslag om å legge ein større del av offentlege oppgåver til enten kommunane eller fylkeskommunen/større regionar. I tillegg vil dei ha nasjonalt kompetansesenter for busetnad og integrering i fylket. 

Likevel gjeld ikkje dette oppgåver som tilsyn, klage, kontroll og beredskap. 

– Regjeringa seier at kommune- og regionreforma skal vere ei demokratireform, og at dei vil flytte makt og ansvar til kommunane. Då må kommunane og fylkeskommunane få overført så politisk interessante og viktige oppgåver at både politikarar og veljarar merkar det, seier fylkesrådmann Tore Eriksen i ei pressemelding. Eriksen har leia faggruppa.

Like krav til tenester og oppgåver

I rapporten "Oppgåvefordeling i Sogn og Fjordane" fagruppa no sender frå seg, er det utgreidd korleis dei ser føre seg kva oppgåver som skal liggje til det kommunale og regionale nivået i Sogn og Fjordane i framtida.

Likevel skal alle kommunar og fylkeskommunar/regionar skal ha same krav til tenester og oppgåver uavhengig av innbyggjartal, busetnadsstruktur og andre geografiske og demografiske tilhøve.

Storleik avgjerande for ansvar

Overtaking av arbeidsoppgåver frå Nav, større ansvar innanfor barnevernstenesta, ansvar for tildeling av mindre kraftkonsesjonar og drift av den offentlege tannhelsetenesta – dette er noko av oppgåvene faggruppa meiner kommunane bør ha i framtida. Når det gjeld fylkeskommunen, så vil gruppa blant anna overføre oppgåver knytt til landbruk og bygdeutvikling frå Fylkesmannen.

Kommune- og regionreforma kan få ulike utfall, med alt frå små justeringar i dagens struktur til ei radikal reform der vi endar opp med rundt hundre kommunar her i landet. Faggruppa tek difor høgde for ulike utfall for Sogn og Fjordane, mellom anna når det gjeld storleik. Storleiken på kommunane er avgjerande for kva oppgåver faggruppa meiner kommunane kan ha ansvar for.

Mellom anna meiner faggruppa at det krev kommunar med opp mot 50 000 innbyggjarar for å kunne overta ansvaret for tannhelsetenesta frå fylkeskommunen og barnevernet frå BUF-etat (staten).

Når det gjeld «mindre» oppgåver, som forvalting av tilskotsordningar for kulturarrangement og eigarskapen til mindre fylkesvegar, så meiner faggruppa at kommunane kan overta dei med dagens storleik.

Nasjonalt kompetansesenter til fylket

Faggruppa meiner også noko om styrking og etablering av statlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

– Me meiner i all hovudsak at det å fordele statlege arbeidsplassar utover landet medverkar til å spreie makt, byggje kompetansemiljø og leggje til rette for livskraftige lokalsamfunn. Interessante fagmiljø i distrikta er avgjerande dersom vi skal sikre tilflytting av unge og utvikling i regionane, slår Tore Eriksen fast.

Ei av tilrådinga til faggruppa er at det bør opprettast eit nasjonalt kompetansesenter for busetnad og integrering i Sogn og Fjordane. Eit slikt senter vil sjå kva utfordringar både distrikt og regionar opplever – og kan såleis definere kva behov og utfordringar som finst her. Gruppa meiner Flora kommune er aktuell lokaliseringsstad for eit slikt senter, i og med at kommunen alt har etablert dette som eit sentralt satsingsområde.

Fylkesutvalet og fylkestinget skal handsame rapporten no i haust, fylkesutvalet i møtet 25. november og fylkestinget i møtet 8. desember.

 

Til toppen